HILDE KRISTIN STRAND

Då Bjørn Ivar Katla og faren skulle draga eit heilt vanleg lyregarn søndag, fann dei ein gulaktig, flyndreliknande fisk med to svarte flekkar laust i garnet.

— Me skjønte at det ikkje var ein heilt vanleg fisk. Far min er veldig vaksen, og han hadde aldri sett ein slik før, seier Katla til BT. Løysinga vart å kontakta Akvariet i Bergen. Der fekk dei vita at dette måtte vera ein St. Petersfisk. Akvariet ville gjerne ha fisken, så då vart den eksotiske gjesten, som likar seg best rundt Middelhavet, frakta i plastbalje frå Bømlo til Bergen.

— Det heiter at dette er fisken som Sankt Peter fiska i Middelhavet. Han trong ein mynt, og då han drog opp fisken, fann han ein mynt i munnen hans. Dei to svarte flekkane fisken har på kvar side, skal vera fingermerka til Sankt Peter, fortel Audun Hjertager, marinbiolog ved Akvariet i Bergen.

Akvariet har eit par andre fiskar av same art. Vanlegvis likar denne arten seg best i varmare strøk, men dei siste åra er det fleire som har kome til Noreg og Bergensområdet.

— Ein lurer på om det har med global oppvarming å gjera, seier Hjertager.

I «DET BLÅ HAVET»: St. Petersfisken vart frakta i bil frå Bømlo til Bergen. Undervegs skifta fiskar Bjørn Ivar Katla vatn på han to gongar. No bur fisken i «Det blå havet» i Akvariet, men framleis vil det gå nokre dagar før ein veit om han overlever etter å ha vorte både fiska og frakta. <br/>Foto: BJØRN IVAR KATLA