Internettselskapet Screenresort opptrer ulovleg nærgåande overfor jobbsøkarar.

«Har du planer om forandring i nåværende familiemønster? Hvis ja, hvilke? Hvor mange dager var du borte fra arbeidet på grunn av sykdom de tre siste årene? Av andre årsaker? Hvor stor er boligen din? Har du vært straffedømt? Er eller har du vært under etterforsking? Hvis ja, når og for hva?»

Med vantru

Dette er eksempel på spørsmål som blir stillt i eit spørjeskjema som jobbsøkarar til nettfirmaet er bedne om å svare på.

Det var mot slutten av eit elles greitt jobbintervju at 33-årige Øystein Nordvik fekk stukke til seg det 11-siders spørjeskjemaet. Vel heime såg han gjennom spørsmåla.

— Eg reagerte med vantru da eg såg kva dei spurte om, fortel Nordvik.

— Eg lurte på om dette var eit slags psykologisk eksperiment, og gav firmaet beskjed om at eg ikkje kom til å svare.

Nordvik fortel at både menneska og jobben i selskapet verka heilt ok, og at spørjeskjemaet derfor kom som litt av ei overrasking. Blant anna vil selskapet vite kva type bustad 33-åringen bur i.

Kor stor er den? Er den moderne, nokså moderne eller umoderne?

— Kva svarer eg på slikt? Og kvifor? Spør Nordvik og ristar på hovudet.

- Kontrollfrik

Også seniorforskar Robert Salomon ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) er forundra over at ein arbeidsgjevar vil drive slik kartlegging av sine jobbsøkarar.

— Dette er heilt uakseptabelt. Her sender ein svært sterke signal til framtidige tilsette om at arbeidsgjevaren er kontrollfrik, seier Salomon.

  • Det synest som om ein er ute etter å overvåke og kontrollere snarare enn å finne fram til den beste kandidaten til jobben. Sjølv har eg vore leiar i mange år, og kunne aldri tenkt meg å sende ut signal av denne typen.

Claude A. Lenth i advokatfirmaet Hjort DA har spesialisert seg på arbeidsrett og personvern, og seier at det generelt skal saklege grunnar til for å stille personlege, nærgåande spørsmål i slike situasjonar.

— Opplysningar om seksuell legning, religiøs og politisk oppfatning, helse og kriminelt rulleblad er sensitive personopplysningar. Hovudregelen er at ein må ha konsesjon frå Datatilsynet for å lagre og behandle slike opplysningar elektronisk eller i ei saksmappe, seier Lenth.

Beklagar skjemaet

Dagleg leiar i Screenresort AS i Bergen, Torbjørn Hansen, seier seg lei for at spørjeskjemaet i heile tatt vart tatt i bruk.

— Vi kan ikkje forsvare dette, og må berre beklage at skjemaet vart brukt, seier Hansen.

Han presiserer at det ikkje er firmaet sjølv som har utarbeidd skjemaet, men ønskjer ikkje å seie kor Screenresort har henta det frå. Såleis kan det ikkje utelukkast at også andre firma brukar tilsvarande ved rekruttering.

— Vi ser at skjemaet ikkje er eigna til formålet, og at det er altfor detaljert. Vi har slutta å bruke det, seier han, og opplyser vidare at firmaet har brukt skjemaet på «ein del andre arbeidssøkarar».

Og korleis det gjekk med Øystein Nordvik sin jobbsøknad?

Det har han enno ikkje fått svar på.

KNUT STRAND