Han var så liten då han vart fødd at han måtte få eit stort namn. Han vog ikkje meir enn ein pakke smør. Han hadde hud tynn som det tynnaste papir, og bein spinkle som blyantar.

Max er ei kortform av Maximilianus, som betyr «den største».

Max Espetvedt Kleppe fekk sitt livs sjanse i 25. svangerskapsveke, då han skulle løftast ut av mors mage med keisarsnitt. Det var farleg, men ikkje så farleg som å bli der han var. Max hadde slutta å vekse, og mamma Kristina Espetvedt hadde skyhøgt blodtrykk. Risikoen for at guten kom til å døy, var så stor at legane ikkje tok sjansen.

Då fødselen var i gang, stod seksjonsoverlege Hallvard Reigstad klar i eit siderom. Så skjedde alt veldig fort. Max pusta ikkje. I all hast vart babyen lagt i respirator og transportert til Barneklinikken i kuvøse. Mamma fekk ikkje ein gong ein gløtt av Max, før han og den langbeinte, kvitkledde hjelparen hans var på veg i ambulansen.

Men ho hadde høyrt ein liten lyd. Og i eit kort, stort sekund hadde ho kjent eit ørlite kinn mot sitt.

-  Max var der. Det var veldig godt.

Hallvard Reigstad har ikkje tal på kor mange gonger han har stått slik, som ein løpar på stafettstreken, klar til å overta ansvaret for neste etappe i eit nyfødd liv

530 GRAM: Inkludert teknisk utstyr, vog Max Espetvedt Kleppe knapt ein halv kilo ved fødselen.
Privat

. Hjarta hans slår like fort kvar gong.

- Ein slik jobb må aldri bli rutine. Du må aldri ta noko for gitt, og alltid vera på tå hev, seier den erfarne overlegen.

Ny teknologi har gitt barn som får ein altfor tidleg start i livet, større sjanse til å veksa opp. Heilt sidan 1990-talet har legane på Barneklinikken gitt livsviktig starthjelp til babyar med fødselsvekt mellom 500 og 700 gram, som Max, eller endå mindre. Den aller minste vog berre 380 gram, og er i dag ein velfungerande og aktiv 12-åring.

Reigstad er ofte på jobb både dag og natt for å sjå til at pasientane hans har det bra. Berre dei siste fire månadene har intensivavdelinga teke imot 19 nyfødde under tusen gram.

- Lukkelegvis har dei aller fleste overlevd. Dette er teamarbeid, understrekar Reigstad.

- Alle — frå sjukepleiarar, legar og laborantar til radiografar og reinhaldarar - er like viktige. Det hjelper ikkje kor flinke vi andre er, dersom vaskehjelpa gjer ein så dårleg jobb at ungane døyr av infeksjonar.

Max var mini då han vart fødd. Guten vog 530 gram, inkludert teknisk utstyr. Mamma, som sjølv er sjukepleiar, fekk sjokk. Ho hadde aldri sett eit så lite barn før.

- Eg trudde ikkje at det gjekk an. Den første tida var eg redd heile tida, seier Kristina Espetvedt.

Seksjonsoverlegen hadde vore ærleg frå det aller første møtet på Kvinneklinikken. «Det er ikkje sikkert at det går bra», sa Reigstad. Max hadde 70 prosent sjanse til å overleve.

- Eg syntest Reigstad var brutalt ærleg. Det var tøft der og då, for det var ikkje det eg ville høyra, men i ettertid er eg glad for det. Hadde han gitt oss større håp, og det hadde gått gale, ville det blitt mykje tøffare etterpå, seier Espetvedt.

Dei medisinske utfordringane stod i kø for Max. Faren for hjernebløding var stor. Han vart fødd med ein lungesjukdom, og hadde knapt brystkasse til å puste med. I løpet av den første månaden låg han tre veker i respirator. Det er uvanleg lenge.

Max klarte ikkje å ta til seg næring, og tarmen stod i fare for å sprekke. Han måtte opererast for brokk. Dessutan måtte augene behandlast. Netthinna var så lite utvikla at Max risikerte å bli blind.

Men livet hadde fått ein sjanse, og den greip både guten og dei gode hjelparane med begge hender.

Foreldre på Barneklinikken står ofte midt oppi sitt livs krise. Ikkje alle får den beskjeden dei mest av alt ønskjer seg. Når alt håp er ute, er det Reigstad si oppgåve å formidle også det til pårørande.

- Dei gongene vi ikkje kunne hjelpe fram eit friskt barn, dei gongene eit barn fekk varig skade eller døydde på grunn av medfødde misdanningar eller komplikasjonar... Det er det som har gjort sterkast inntrykk på meg i desse åra, seier Reigstad, som har jobba innan nyføddmedisin i meir enn tre tiår.

Samtidig er han klar på at det er ei nedre grense for når det er rett å behandla eit prematurt barn.

- Vi meiner at det er riktig ned til 23. og 24. svangerskapsveke, dersom barnet elles er livskraftig. Det finst fødeavdelingar i verda som tek i mot barn heilt nede i 22. svangerskapsveke, men nesten alle er mentalt tilbakeståande. Då er det ikkje rett.

Det tok to veker før mamma fekk halde Max. Kroppen hans var så liten og så full av leidningar, at ho nesten var redd for å ta i han. Redd for at han skulle bli øydelagt.

Men då Max endeleg låg i mors armar, vart han heilt stille og ho eit einaste stort smil.

- Eg hadde gledd meg så lenge, seier Kristina Espetvedt.

Tre og ein halv månad etter fødselen har Max gått frå mini til midi, og firedobla fødselsvekta si. Han må bli på Barneklinikken i nokre få veker til, men snart kan han reise heim til familien sin på Skjold, der pappa og ei storesøster på fire år ventar.

- Det går nesten ikkje an å forklare korleis vi har hatt det etter at Max vart fødd. Du lever som i ei boble. Men heile tida har vi følt at barnet vårt er i veldig trygge hender hos Hallvard Reigstad, seier mor til Max.

Guten på fanget hennar får gode odds av legen som følgde han gjennom den avgjerande startetappen i livet.

— Max kjem til å slite litt med lungene det første året, seier Reigstad.

— Men det vil gå seg til.