Fengselsstraff på opp til åtte år og inndraging av millionbeløp er tydelegvis ikkje avskrekkande nok for spritsmuglarar til å halda opp med den lønsame forretningsdrifta.

I går måtte Borgarting lagmannsrett utsetta ankesaka mot to som er dømde for spritsmugling over Ålvik. Grunn: ein av dei tiltalte er pågripen for nye lovbrot, og blir avhøyrd av politiet.

Lagmannsretten vonar å koma i gang med arbeidet sitt onsdag. Dei skal mellom anna vurdera om ein 59-åring frå Stord skal få ytterlegare «rabatt» i form av mildare straff enn fem års fengsel, derav to år på vilkår, som var byretten sin dom. Stordabuen var den einaste som var klar til rettargang i går, av tre som fekk innvilga ny prøving i lagmannsretten.

Problemet hans er at han sjølv vart teken for ny smugling etter at han hadde tysta på ligaen, og skulle vera under oppsyn av politiet.

Ein Hamar-mann (57) trekte anken i siste liten.

Han er under etterforsking for ny smugling, denne gongen metanolinfisert vare, etter at byretten dømde han til tre og eit halvt års fengsel, og inndraging av fem millionar kroner.

Oslo-mannen (32) var oppteken med å forklara politiet om nye, tvilsame handelsframstøytar då lagmannsretten skulle i arbeid i går. Han vart i byretten dømd til fengsel i fire og eit halvt år, og inndraging av fem millionar kroner, for Ålvik-smuglinga.

Heller ikkje «Formannen» vart avskrekka av sin dom for smugling over Ålvik og svenskegrensa, meiner politiet. Indre Follo herredsrett dømde han til solide åtte års fengsel og inndraging av heile 25 millionar kroner. 47-åringen som politiet reknar som hovudmann, fann seg ein plass i sola medan han håpa på mildare straff i lagmannsretten i mars. No er han sikta for nye sprell, og «bura inne» i Spania med krav om utlevering.