Video Games er i gang på Voss. Fram til lunsjtid påskeaftan skal femmannslag hoppa og spretta på snøbrett og korte ski med skituppar i begge endar – og filma kvarandre.

Opningsshowet vart køyrt på tilkøyrt snø på Torget, med nok snø att i traktortilhengaren til ovarenn. Så gjekk det unna ned til Kari Traa-butikken. Det skal ikkje store skibakken til før desse karane får luft under skiene.

Entusiasme Sigbjørn Tveit (15) og Torkel Brekke (16) var blant dei ivrigaste. Begge høyrer til «Tropp 5700».

– No er troppen blitt såpass stor at vi må dela oss i to lag. Vi får ikkje vera meir enn fem på kvart lag, seier Brekke.

Skulle nokon lura på kva 5700 står for, er det berre å slå opp i postnummerkata-logen.

Kappfilming Video Games er ei tevling om å laga beste filmen frå køyring med snøbrett og ski, på rail og hopp og andre innretningar som du finn i «parkar» som det blir stadig fleire av i alpinanlegg. Til glede for dei som likar meir hopp og sprett enn tradisjonell skigåing.

– Det er ei lagtevling. Kvart lag kan ha fem medlemer. Nokre av dei køyrer på ski eller snøbrett, nokre filmar, og andre gjer begge deler, seier primus motor Per Fretheim.

– Snakkar vi om skitevling eller film-tevling?

– Filmtevling, heilt klart. Det er ein stor fordel om nokon på laget er dyktige på ski. Det gir spektakulære hopp. Men det er filminga som gir premie; regi, kameraføring, kameravinklar, originalitet med vidare.

Strenge reglar Gamle opptak kan ikkje klippast inn. Alt må filmast under tevlinga. Ved opninga fekk alle deltakarane utlevert vestar dei må ha på seg. Bilete av deltakarar utan denne vesten, blir underkjende.

No er dei altså i gang. Det skal jobbast intensivt med filminnspeling fram til innleveringa laurdag, både i preparerte «parkar» og andre stader. Berre fantasien set grenser.

Klippinga går føre seg på Fleischer’s Hotell og det er lagt opp til vising av klipp på ettermiddagstid. Og så blir det kåring og vising av dei tre beste filmane i kulturhuset Fraktgodsen laurdag kveld.

ARNE HOFSETH
ARNE HOFSETH