Den høge skjeringa på riksveg 13 i høgfjellet har inspirert mange til å ta juksebilete av høge brøytekantar. Sjølv store bussar blir små inne i denne vegskjeringa. Og det skal ikkje tjukke snølaget til, før det ser ut som ein veg med enormt høge brøytekantar.

Lettare å brøyta

Statens vegvesen sprengjer no bort skalken mot Skjellingavatnet. Steinen vert brukt til å utvida og forsterka Vikafjellsvegen på Hestavollen og nordover mot Fosse. Men andre ord ein vinn-vinn-situasjon for lettare brøyting og sjeldnare meldingar om stengt veg om vinteren.

Tidlegare har det vore planar om å bruka steinmassane til å heva fyllinga som går tvers over Skjellingavatnet rett nord for skjeringa. Høgare riksveg her, gir høve til betre utnytting av Skjellingavatnet som magasin for kraftverka i Vik, ved at høgste regulerte vasstand kan aukast.

Breiare veg langs fjorden

Rådmann Oddvar Ese i Vik opplyser at steinuttaket ved skjeringa no, berre har med vegarbeidet å gjera. Kraftverksfolka har arbeid ved Refsdalsdammen, men hentar stein frå eit etablert steinuttak ved Vangsnes.

— Kva med å henta stein langs riksvegen mellom Vik og Vangsnes, der vegbreidden varierar sterkt, og innsnevringane kjem brått på?

— Det har vore diskutert, og kan framleis verta aktuelt litt seinare i prosjektet. Men det krev litt planlegging å sprengja her, seier rådmannen.

Han viser til at trafikken også skal avviklast. Særleg sommarstid er det stor trafikk til og frå ferjene på Vangsnes, og det finst ikkje alternativ veg.

Kva tykkjer du om inngrepet? Bruk kommentarfeltet.