Planleggjaren i Fjell kommune har det siste året drive byplanlegging frå grunnen av. No har politikarane slutta seg til og vedteke at forslaget skal ut til offentleg høyring.

— Planane inneber eit kjempelyft økonomisk, men er òg avhengig av vilje og entusiasme blant folk, seier Hans-Jacob Roald, prosjektleiar i Fjell kommune.

Sartor i sentrum

I dag er Sartor Storsenter midtpunktet på Straume. Senteret vert framleis liggjande i sentrum dersom planane vert sett ut i livet, men får store ombyggingar.

— Det er utfordrande sidan det alt er eit utbygd område, men vi har planlagt ein berande grunnstruktur der vi har tenkt lenger enn bygningane, seier sjefsplanleggjar Hans-Jacob Roald.

Ideen er å lage ein allmenning eller ei gågate frå Straumssundet i vest gjennom sentrumsområdet mot Staumsfjellet, med to sentrale offentlege plassar. Ein på vestsida og ein på austsida av Sartor senter. Foldnesvegen og Grønamyrsvegen som ligg der i dag, skal oppgraderast til avenyar.

— Eit premiss for planarbeidet er bybane fram til Straume sentrum, derfor er det sett av areal til banen langs Stovevatnet, fortel Roald.

Stovevatnet, Straumsallmenningen, dei to avenyane og fleire offentlege plassar er dei viktigaste byromma i planane. I dag er Stovevatnet lite attraktivt på grunn av forureining og trafikkstøy.

På lag med næringslivet

For å få realisme i planarbeidet har Fjell kommune samarbeida tett med dei største grunneigarane og næringsdrivande på Straume.

— Vi må tillate ei høg utnytting og ei utbygging av handelsverksemda for å realisere uteområda med den kvaliteten vi ser for oss, seier Roald i kommunen.

Ei høg utnytting inneber bustadbygging i sentrum med hus på fire etasjar og enkelte på opp mot seks til åtte etasjar.

Planane tek utgangspunkt i den vedtekne Straumeplanen, der Straume er tenkt som eit attraktivt sentrum og regionalt servicesenter for Fjell, Sund, Øygarden og Bergen vest, med ei rekkje funksjonar og aktivitetar.

Politisk vilje

— I Fjell er dei fleste politiske partia positive til dei nye visjonane, fortel nestleiar for Komitè for Plan og Utvikling, Rune Landro (KrF).

Framstegspartiet er dei einaste som er kritiske til Straumeplanen.

— Straume sentrum skal først og fremst privatfinansierast, næringslivet har sagt at det kan realiserast, men det er heilt på grensa. Politikarane må akseptere ei viss høgde på husa om dette skal gå, seier Landro.

Kommunen må vere villig til å ta ansvar for vedlikehald av dei offentlege plassane.

Planarbeidet til Staume sentrum har kosta rundt ein million kroner.

Kva ei realisering av visjonane vil koste er umogleg å seie noko sikkert om på dette stadiet. - Planane er noko vi kan strekkje oss etter, meiner Roald.