LARS MÆLAND lars.maeland@bt.noStord

Dei rutinerte fekk campingstolen på plass tidleg på morgonen, og hadde kikkerten i posisjon i god tid før storinnrykket som skapte trafikkaos langs flyplassvegen mot Stord lufthamn, Sørstokken søndag.

— Strålande solskinn og vindstille, ein ideell dag for å få modellfly i lufta, vurderer Magne Malkenes som fyller på drivstoff og gjer klar til akrobatiske sprell med miniflya saman med andre medlemer i Fitjar Modellflyklubb.

Biten av basillen Flystripa på Stord blir reservert modellflya ein liten time, og sjå om ikkje dei små sjarmtrolla kan sine kunstar.

— Du blir biten av basillen når du gir deg i kast med noko slikt som dette. Det er vel gutungen i oss som vaknar, seier Magne Malkenes medan sonen Håkon på 7 nøyer seg med å vera tilskodar til pappa sine påfunn.

— Kanskje eg får lyst å bruka modellfly eg også når eg blir stor, men eg rører ikkje flya enno, seier Håkon medan tre modellfly kjempar om luftrommet ved flyplassen og merksemd frå publikum.

— Sjå denne Mustang-en her, den er kjekk, viser Magne Malkenes og flikkar på modellen som snart skal i lufta. Nokre meter lenger borte står ein ekte Mustang, flyet som vart produsert for å kunna assistera britiske Hurricanes og Spitfires under den andre verdskrigen. Den ekte vara tilhøyrer Scandinavian Historic Flight, og det er kø av skodelystne som vil sjå og ungar som vil prøvesitja cockpiten på krigsflyet.

Direktør-fly Fredelegare utgåver er også på plass, og den slanke dobbeltdekkaren av type Christen Eagle og eigd av Fleischers-direktør Jan Fredrik Tønjum er av attraksjonane som samlar størst interesse på flystemnet på Stord.

— Tønjum kjøpte flyet i Sverige i fjor haust, og me nyttar det mykje på flystemne rundt om. Det er svært lett, og med ein 200 hestekrefters motor er det i stand til å gjera dei mest akrobatiske sprell, seier andreflygar Knut Kalvik medan hotelldirektøren frå Voss er i tårnet og blir intervjua om nyerobringa si.

Opp ned - Det at flyet er lite gjer det ikkje enklare å operera, og me må streva med å orientera oss når flyet gjer sine krappe svingar eller ligg opp ned i lufta, forklarer Tønjum om einaste flyet av denne typen her til lands.

Og publikum får syn for segn når Tønjum og Kalvik viser kva flyet er godt for. Det er ikkje berre modellane som snurrar rundt i lufta, sanneleg er det liv i dei ekte varene også. - Eit vellukka stemne utan uhell av noko slag, oppsummerer lufthamnsjef Jan Morten Myklebust ved Stord lufthamn.