1. mai sette 85 år gamle Arvid Heggen seg på sykkelen på Strynefjellet. På nasjonaldagen var han heime att i Eid. Då hadde han bak seg kring 420 kilometer på sykkelsetet.

— Eg hadde tenkt å bruke åtte-ni dagar, og hadde lagt opp eit fint program. Men så blei det no slik at eg starta ganske tidleg om morgonane. Og då eg hadde sykla tre-fire mil var ikkje klokka meir enn vel passert middag. Kva skulle eg då ha funne på resten av dagen? Nei, så det blei no til at eg berre sykla vidare, fortel pensjonisten. Som eigentleg ikkje syns dette er noko å skrive om.

Ungdommane for forbi

Lett på foten opnar den høgreiste og slanke 85-åringen døra heime i Mogrenda i Eid. Litt motvillig innrømmer han at han kanskje er bra sprek for alderen.

— Men eg har mista mykje av spensten i lårmuskulaturen. Det merkar eg godt når eg sykla oppover. Ungdommane berre fresa forbi i motbakkane, ler 85-åringen.

Og motbakkane var både mange og lange på den 42 mil lange sykkelturen som han hadde planlagt i fleire år. 14. mai sette han seg på bussen heime i Eid.

— Eg kunne ikkje sykle gjennom tunnelane på Strynefjellet, seier han. Nesten litt unnskyldande.

Men då bussen var vel ute av siste tunnelen, sa Heggen takk for seg til bussjåføren. Deretter sykla han dei 11 mila til Vågåmo før han tok kvelden.

Knea under øyrene

Dagen etter gjekk turen til Otta, nordover E6 til Dombås og vidare til Lesja, cirka 70 kilometer.

— Det er utruleg med stigningar på den strekkja. Når du køyrer bil, merkar du det ikkje. Men det skal eg seie du gjer når du syklar! Eg måtte gå lange stykke. Eg kjende det som eg gjekk til knea var like oppunder øyrene.

Tredje dagen bar det ned Romsdalen til Åndalsnes, og vidare til Sjøholt aust om Ålesund. Dette var lengste dagsetappen, heile 170 kilometer. Siste etappen, 17. mai, blei avslutta etter rundt sju mil, i Ørsta. Noko tidlegare enn Arvid Heggen hadde tenkt.

Ingen racersykkel

— Det var nasjonaldagen. Absolutt alt var stengt. Eg fekk verken vått eller tørt.

Sykkelen Heggen nytta på turen fekk han i fødselsdagsgåve for fem år sidan frå Heggen Møbelfabrikk, ei bedrift han sjølv var med å byggje opp. Og det er ingen racersykkel av siste modell 85-åringen kan skilte med. Sju gir er det han har til disposisjon.

Det er blitt mange turar på to hjul, om enn ikkje så lange som denne.

— I bil ser du berre vegen. Men frå sykkelen får du med deg alt.

— Men ein så lang tur i så høg alder?

— Det er vel kanskje dei som vil kalle det uforsvarleg, men eg føler meg i fin form. Ungane mine likte det ikkje. Men dei kjenner no meg, og veit at eg kan vere godt striten. Men eg ringde heim kvar kveld.

— Hadde du bra vêr?

— Eg trur eg hadde motvind heile vegen. Då eg reiste regna det tolleknivar og trollkjerringar. Over Strynefjellet var det snøslette. Og austafor var det kaldt, tre grader var det nede i. Men det blei litt betre då eg kom tilbake til Vestlandet.

— Har du planlagt neste tur?

— Nei, no skal eg ta det med ro. Det blir vel neppe fleire så lange utflukter.