— Svært mange har vist interesse. Eg trur at fleire element i verksemda til konkursråka Nordisk Språkteknologi (NST) kan settast opp og drivast vidare, seier Otto Evjent til Bergens Tidende.

Han er engasjert av det kommunale selskapet Voss Eigedom AS for å legga grunnlaget for framtidig språkteknologi-verksemd på Voss.

— Sjølve kjerneområdet vil truleg kunne halda fram på Voss, men eg er redd andre element må flyttast nærare marknaden. Det kan bli vanskeleg å sitja innelåst på Tvildemoen utan nærkontakt med kundane, seier Evjent til Bergens Tidende.

Han meiner at ei stram prioritering av forretningsområda må til. Selskapet vart skipa i ei tid då det var lett for å knoppskyta i alle retningar. Det må satsast på dei mest lovande produkta, gjerne i kvar sitt selskap, medan andre kan droppast.

— Det er til dømes ikkje sikkert at ein skal drifta telefonsentralar fordi om ein har framstilt ei syntetisk stemme, seier Evjent.

Han seier ikkje dette fordi telefonstemma til Voss kommune vart taus ein heil dag denne veka. Det var ein lei glipp i kjølvatnet av konkursen. Systemet vart rett og slett kopla ned ved ei mistyding.

Styraren for konkursbuet, advokat Arne Laastad, har ikkje abandonert pantet, men inngått ein avtale med Voss Eigedom AS, den klart største panthavaren, om drift på naudbluss inntil vidare. Laastad har peika ut ei lita gruppe til denne oppgåva.

Evjent fortel at aktørar i bransjen er fulle av lovord for den jobben som NST har gjort med språkdatabasen på Voss, og seriøse selskap er aktuelle som samarbeidspartnarar. Sannsynlegvis vil språkteknologane på Voss vera meir komfortable i ei rolle som underleverandør for selskap som leverer sluttprodukt til eit opparbeidd kundegrunnlag, trur han.