Nå freistar Voss kommune å behalde kompetansen som tapssluket Nordisk Språkteknologi (NST) bygde opp.

I dag sendte kommunen ut følgjande pressemelding: «I samband med at selskapet Nordisk

Språkteknologi (NST) er levert inn til skifteretten arbeider Voss kommune og Voss Eigedom A/S aktivt for å vidareføre den språkteknologiske kompetansen på Voss.

I denne situasjonen ønskjer Voss Eigedom å skipa eit nytt selskap som kan sikra vidareføring av språkteknologi-arbeidet og dessutan sikre kreditorinteressene sine.

Voss Kommune/Voss Eigedom viser i så måte til at det alt er lagt ned store ressursar i å opparbeida språkbasen på Voss; som dekkjer dei skandinaviske språka Norsk, Svensk og Dansk i stort omfang. Marknaden for språkteknologi-produkt synest nå å vera i ny utvikling.

Dessutan er det i fleire offentlege utgreiingar slått til lyd for samling av norske språkteknologiressursar i form av ein Norsk

Språkbank. Språkdatabasen på Voss vil heilt klårt vera aktuell som ressurs for ein slik framtidig språkbank.»