Reidar starta butikken på 96 små kvadratmeter i 1967. I dag er salet auka til 20 millionar kroner, butikken er ein av dei største sportsbutikkane i Hordaland og dreg kundar frå hyttefolket og andre tilreisande frå heile fylket. I dag er det sonen Geir som driv livsverket vidare.

No kosar dei to seg over miljøgata og ein ny giv i lokalsamfunnet. Kvam kan vere på veg ut av ein djup bølgjedal.

Tidlegare var ikkje kommunen nokon støttespelar, meiner Reidar.

— Du følte at same kva du kom til kommunen med, så fekk du ikkje noko svar.

Handelsnæringa var spesielt lågt prioritert, vedgår næringsutviklar Jan Tjosaas.

— Eg trur nesten ikkje det var sett på som ei næring i ei periode, seier han.

Men kommunen endra seg midt på 90-talet, både i høve til næringslivet generelt, og i høve til handelsnæringa spesielt.

— No kjem dei og spør, seier Geir. Og i handelsnæringa er samarbeidet også tettare.

— Så har ein byrja å forstå betydninga av å marknadsføre seg i fellesskap, seier Reidar.

NY GIV: I Norheimsund i Kvam driv Reidar (til venstre) og Geir Mo ein av dei største sportsbutikkane i Hordaland. Ny miljøgate og eit nytt syn på handelsnæringa i kommunen gir Norheimsund ein ny giv. Og kommune er blitt meir næringsvennleg og.<p/>FOTO: TOR HØVIK