Andreas (2) ligg i fanget på far og skrik. Far Bjørnar held armar og bein, medan mor Hilde forsiktig prøver å få augedropar inn på dei to små, hovne augo. Både Andreas og Margrete (5) har fått augnebetennelse. Hilde og Bjørnar måtte til lege denne gongen. Men dei hastar ikkje til lege utan at det er grunn til det.

— Det første me gjer viss barna blir sjuke er å ringja mødrene våre. Mora mi er sjukepleiar og svigermor har fem barn. Viss dei seier at det ikkje er alvorleg, slår me oss til ro med det, seier Hilde.

Dei trur det stemmer at foreldre har lågare terskel for å søka legehjelp no enn tidlegare.

— Det er jo mykje lettare å gå til lege no enn før. Du får legetime på dagen viss du har eit sjukt barn. Så det er lett å tenka at ein heller bør gå éin gong for mykje enn éin gong for lite, seier Hilde.

Småbarnsforeldra trur at den enorme tilgangen på informasjon også har sitt å seia.

— Media har ein tendens til å krisemaksimera ting, og det gjer folk meir engstelege. Bodskapane er også veldig motstridande, éin forskar meiner at noko er bra, medan ein annan seier det motsette. Dermed blir folk veldig usikre, trur Bjørnar.

— Foreldre har heller ikkje tid til at barna blir sjuke, men ønskjer på død og liv å halda dei friske. For folk i jobb er sjuke barn eit stressmoment, for ein føler ikkje at ein kan vera borte frå jobb meir enn høgst nødvendig, seier Hilde.

Hilde og Bjørnar sitt beste råd til engstelege foreldre med sjuke barn er å snakka med slekt og vener før dei kontaktar lege - i tillegg til å høyra med barnehagen om det er noko som går.

— Mange trur det berre er medisin som hjelper. Men så viser det seg kanskje at gamle kjerringråd er det beste, seier dei.

<b>HASTER IKKJE TIL LEGEN:</b> Hilde Martinussen og Bjørnar Stald går berre til legen med Margrete (5) og Andreas (2) når mødrene seier at det er nødvendig.<br/>FOTO: KNUT EGIL WANG