Den første postmeisteren heitte Engel Stinson og var son til Magdele og Sjur Stenson Hauge frå Strandvik.

”Vi hadde i fleire Aar hørt store Rygter om Amerika og hadde Lyst til at freiste os derover; men Far hadde liten Hug til det, og Mor sa absolutt Nei,” fortalde Johannes Stenson Hauge rundt år 1900, etter at han var komen heim att til Strandvik.

Hauge-brørne hadde drive vårsildfiske nokre vintrar, men det gav lita inntekt. Då fisket slo feil, bestemte dei seg for å reisa til Amerika ”for at freiste vor Lykke der”. Me er på 1850-talet og brørne er Sjur, Ole, Johannes og Hans Stenson Hauge. Dei høyrde til dei første fusingane som utvandra.

Dei var sønene til Sten og Brita Hauge, som hadde garden på Hauge i Strandvik frå 1822. Dei hadde 11 born. Garden var stor etter fusaforhold, og fødde m.a. 26 kyr, så familien greidde seg bra. Men då sønene voks til, var det ikkje berre enkelt å skaffa seg leveveg. Garden skulle delast på dei to eldste, og jentene kunne rekna med å bli gifte, men for dei andre gutane var framtida uviss. Amerika lokka.

Seglskip

Reisa gjekk den gongen med seglskip og tok 2-3 månader. Dei kom i land i Quebec i Canada. Derifrå reiste dei med hjulbåt til Montreal og vidare med dampbåt over dei store innsjøane til Detroit, så tog til Chicago og til slutt oksekjerre til det som var målet i første omgang: Winnesheik County i Iowa. Der vart dei tekne imot av vener og kjenningar frå gamlelandet som alt hadde utvandra.

Nybyggjarar

To av brørne, Sjur og Johannes Stenson Hauge, vart nybyggjarar. Begge gifta seg i Amerika, men med kvinner frå Fusa: Sjur med Magdele Håvik og Johannes med Margrethe Bakke. Me skal følgja dei to brørne. Historia deira er som henta ut av ein westernfilm.

Då store område i Missouri-bekkenet i Sør Dakota vart opna for nybyggjarar på slutten av 1850-åra, lokka desse utsiktene til å få seg flott jordbruksland for ein slikk og ingenting, dei to Hauge-brørne. Dei selde den jorda dei hadde, og drog vestover med oksekjerrer for å freista lukka saman med dei første kvite nybyggjarane i Dakota Territory. I denne perioden var Sjur også innom gruvearbeid i Colorado, men det var slett ikkje berre gull og grøne skogar som venta dei.

På flukt

Dei slo seg ned nær Missouri-elva, men der budde det folk frå før: Indianarar. Johannes har fortalt følgjande om denne nybyggjarperioden for 150 år sidan til etterkomarane sine: ”Dårleg vêr, grashoppesvermar og indianarar truga stadig freden og lukka til nybyggjarane. Tidleg på våren 1862 bestemte Dakota-indianarane seg for å krevja landet sitt tilbake frå inntrengjarane og driva vekk nybyggjarane, brenna hus og åkrar og drepa alle som gjorde motstand. Nybyggjarfamiliane var glade når dei kunne flykta i oksekjerrene sine.” Dei flykta tilbake dit dei kom ifrå.

Vegen mot vest

Men Magdele og Sjur, som vart Sever og Mathilda Stinson, slo seg ikkje til ro. Sjur vart amerikansk statsborgar i 1862, og familien auka til 11 barn. Dei levde eit omflakkande liv, kjøpte og selde land, og flytta stadig vestover att. Dei følgde The Oregon Trail. Ein av etterkomarane deira har leita i forskjellige arkiv i USA. Ho har funne ut at då Sjur Stenson Hauge døydde i 1891, var familien komen så langt vest som til Lake Coeur d’Alene i Kootenai County i Idaho. Og her finn me elva Stinson Creek og småbyen Stinson, som byrja som ei busetjing rundt eit postkontor oppkalla etter ein norsk nybyggjar.

Familien til Sjur eller Sewer Stinson, enda heilt vest i USA i staten Washington. Der døydde enkja Mathilde Stinson i 1907, 70 år gammal.

Heim att til gamlelandet

Korleis gjekk det så med dei andre brørne? Johannes fekk ein tragisk ende på Amerika-tida si. I 1891 brann heimen hans ned og kona omkom i brannen. Johannes reiste heim til Noreg. Han døydde i Strandvik i 1914.

Hans Stenson Hauge vart amerikansk statsborgar og melde seg frivillig som soldat i den amerikanske borgarkrigen i 1861. Han fall året etter i slaget ved Pittsburgh Landing, Shiloh i Tennessee.

Ole hadde fått halve farsgarden heime i Strandvik skøytt over på seg alt i 1851, men han ville likevel reisa til Amerika. Der vart han farmar i Finley, Dakota Territory. I 1863 reiste han heim att for å gifta seg. Det vert fortalt at planen var å ta kona med seg til Amerika, men ho ville ikkje. Dermed vart Ole sitjande som bonde på den eine halvparten av Hauge-garden i Strandvik.

Utvandringa sette spor

Utvandringa til Nord-Amerika er ein spennande bit av Fusa-soga som har sett spor etter seg både i Fusa og Amerika. Den gjekk hovudsakleg føre seg mellom ca. 1850 og 1930-talet.

Mellom dei europeiske landa var Noreg det landet som, nest etter Irland, sende prosentvis flest utvandrarar av garde – over 800.000.

Fusa var ingen stor utvandringskommune i norsk samanheng, men godt og vel 700 personar herifrå hadde utvandra før 1924. Det medverka til at folkeveksten i Fusa på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet vart mindre enn fødselstala skulle tilseia. Utvandringa sette spor etter seg i Fusa på den måten. Neste gong skal me sjå på nokre litt meir handfaste spor.

Veit du om fleire spor av Fusa i USA? Skriv gjerne i kommentarfeltet.

Familien Stinson i Idaho USA: F.v. Mor Mathilda/Magdele, sonen Sever John, dottera Emma med gitar, sonen Albert, dottera Josie og dottera Anna med to born. Biletet er utlånt av Fusa folkebibliotek.
Enkja Mathilda Stinson i døra til det lafta nybyggjarhuset hennar i Idaho, USA ca. 1900, saman med born og barneborn. Biletet er utlånt av Fusa folkebibliotek.
Magdele Engelsdtr. Haavik-Hauge (1834-1907) og Sjur Stenson Hauge (1829-1891) frå Strandvik, som utvandra til USA i 1850-åra, gifta seg der og vart Sever og Mathilda Stinson. Biletet er utlånt av Fusa folkebibliotek.
Ved Lake Coeur d'Alene i Idaho i USA ligg småbyen Stinson, oppkalla etter ein innvandrar frå Fusa. Biletet er utlånt av Fusa folkebibliotek.