«Heim for ein 50-lappp».

Det er mottoet for ordninga eit samla fylkesutval vil innføre frå neste år. Gjennom ei bestillingsordning skal ungdommane kunne ta billig drosje like til stovedøra. Fylkespolitikarane har sett av ein million kroner i budsjettet for neste år.

— Vi vil ha vekk den farlege helgekøyringa, seier leiar i trafikktryggingsutvalet i fylket, Åshild Kjelsnes (Ap).

Utsett gruppe

— Skal det offentlege betale for at ungdommar kjem seg heim frå fest?

— Det treng ikkje vere fest. Det kan like gjerne vere kino, konsert eller midnattsgospel. Poenget er at det er urealistisk å få til eit samordna kollektivtilbod på sein kvelds- og nattetid. Dette kan vere ein måte å redusere kompiskøyringa.

Kjelsnes grunngjev framlegget med at ungdom er ei utsett gruppe i trafikken. Faren for at ein 18 år gammal sjåfør skal komme ut for ei trafikkulukke, er 44 gonger større enn for ein person som har hatt sertifikat i sju-åtte år. Og mange av ulukkene skjer i helgene.

Småtteri

— Skal vi som politikarar seie at dette er noko vi ikkje legg oss bort i? Kan vi greie å spare nokre ungdomsliv, er det verdt eit forsøk. Og då er ein million småtteri.

I fylkesutvalet er det full semje om prosjektet. Også Framstegspartiet, som ikkje er representert i utvalet, er positive:

— Fylket har ikkje ansvar for å få dei unge heim frå fest. Men vi har ansvar for rutetilbodet. I eit grisgrendt fylke som Sogn og Fjordane er det uråd å få bussane til å gå om natta. Dette kan vere alternativet, seier fylkespolitikar Jostein Kvalsvik som tykkjer idéen er spenstig.

— Eg trur ikkje dette vil føre til at fleire unge reiser på helgefestar til sentra i fylket. Dei reiser uansett. Kan dette vere med på å få dei tryggare heim, er det bra.

Grenser

Så langt veit ikkje Kjelsnes korleis ordninga skal gjennomførast i praksis. Idéen dukka opp i sommar. Til Bergens Tidende seier Ap-politikaren at tanken har vore lufta med representantar for drosjenæringa. Dei har gitt positive tilbakemeldingar.

— Vi ser føre oss ei bestillingsordning. Og det må setjast grenser. Det skal ikkje gå an å komme klokka tre natt til søndag og forlange drosjetur frå Førde til Florø for ein 50-lapp.

Kjelsnes håpar «Heim for ein 50-lapp» kan danne utgangspunkt for andre fylke.

— Får vi dette til, er det mange område som er i same situasjon som Sogn og Fjordane, meiner Kjelsnes.