— Dette er eit tiltak som har eit kjempepotensial, meiner prosjektleiar Eline Orheim.

«Spons ein sau» blei sett i gang i fjor. Prosjektet skal hindre attgroing, og oppretthalde eit ope kulturlandskap med gode og varierte turstiar i bygda. I tillegg skal tiltaket også betre fortenesta med sauehald. På grunn av elendige inntening avviklar stadig fleire sauebønder, talet på dyr går tilbake og attgroinga skyt fart.

Målet med prosjektet blir dermed å slå eit slag for ei og same sak, ved å slå fleire fluger i same smekken. Ved å betre inntekta til bonden skal det bli fleire sauer som beitar og held landskapet ope.

Gjorde sauehaldet lønsamt

I alt fire bønder er med i ordninga, mellom dei Knut Bøyum. På hans bruk er mjølkeproduksjon hovudsak, men han har i tillegg 18 vinterfôra sauer.

— Eg hadde vel 24-25 sponsa lam og sauer i fjor. Det er eg veldig godt nøgd med. For meg gjorde det sauehaldet lønsamt, seier Bøyum.

Initiativet til tiltaket kom frå bondelaget og sau- og geitalslaget i Fjærland. Prosjektet blir drive på dugnad, men samarbeider med reiselivsnæringa.

I følgje prosjektleiar Eline Orheim kjem dei fleste av sponsorane frå andre stader i landet.

— Mellom dei 75 som tok del i fjor var alle typar folk. Men dei hadde ein ting til felles, dei er opptekne av kulturlandskapet.

— Korleis har det gått i år?

— Vi har ikkje hatt noko oppteljing, men det er nok litt færre. Årsaka til det er at vi ikkje har hatt tid til å arbeide nok med marknadsføring, seier prosjektleiar Orheim. Ein viktig grunn til det er at prosjektleiaren sjølv har vore ute i svangerskapspermisjon.

Vil ikkje ha ein flopp

— På den andre sida er vi svært opptekne av å gjere dette skikkeleg. Då vil vi heller bruke litt tid på å lage eit godt fungerande opplegg, framfor å hoppe for fort av garde.

Det kostar altså 450 kroner å sponse ein sau. Avtalen gjeld for eitt år om gangen.

Alle sponsorar får eit sponsorbevis, eit dokument som fortel om sauen eller lammet dei har sponsa. Dette er rett og slett ei stamtavle med opplysningar om namn, avstamming, rase, beitejournal og foto av dyret.

Sponsorane kan også få delta på tilsynsturar saman med bonden for å sjå til dyra. Slike turar blir skipa til kvar helg. I prosjektet blir det også arbeidd for at sponsorane skal få kjøpe kjøt og ull frå buskapen om hausten. Prosjektet reklamerer også med at det blir arrangert kurs og seminar med tema knytt til kulturlandskap og sauehald.

— Erfaringane frå fjoråret viser at tiltaket har stort potensial. I vår blei det sleppt 102 fleire sauer på beite i Fjærland enn i fjor. Det seier i grunnen sitt i ein periode der sauehaldet er på veg tilbake, meiner Eline Orheim.

Fjærlendingane vil no prøve å eksportere sauesponseprosjektet sitt.

— Vi håpar dette kan verke som ei inspirasjonskjelde, ikkje minst for små bruk. Det er dei små gardane som blir lagt ned, noko som er veldig trist for bygdene. Desse er viktige for variasjonen i bygdelaga, seier Orheim.