OLAV GARVIK

TORSTEIN STANGENES

Alvheim er tretten år eldre enn Sponheim, men er no utpeika av Bergen Venstre til å skapa ny glød i partiarbeidet. Onsdag kveld rådde partilaget til at han vert stortingskandidat i staden for statsråden frå Ulvik.

Kjell Alvheim er partiveteranen som har fått med seg det aller meste i politikken: Ordførar alt i 1976, gruppeleiar i fylkestinget i fleire periodar, statssekretær, sentralstyremedlem og vararepresentant til Stortinget alt for 23 år sidan.

Høgdepunktet i karrieren var sjølvsagt som statssekretær i Forsvarsdepartementet i førre Bondevik-regjeringa. Då var han med og vedtok bygginga av nye fregattar.

Førti år i politikken

— Politikk har lite med alder å gjera, men med visjonar og haldningar hos den enkelte, svarar Alvheim som melde seg til teneste for Venstres ungdomsorganisasjon alt i 1963 - då unge Lars byrja på skulen i Halden for å læra alfabetet.

Alvheim legg stor vekt på at det berre er ein prøvenominasjon som er gjennomført, der dei enkelte laga i partiet gir råd til nominasjonsnemnda. Sjølv har han berre sagt ja til å stilla etter at han fekk spørsmål om det frå leiaren i nominasjonsnemnda, Liv Sæbø Fausa.

— Bør Sponheim få avløysing som stortingsrepresentant?

— I tilfelle det vert aktuelt, må eg drøfta det med nominasjonsnemnda.

Meir sosial varme?

— Kva er di meining?

— Eg trur det er nødvendig for Venstre å reindyrka den liberale profilen, og at den sosiale varmen vert tydelegare i det vi står for. Dessutan trengst det meir entusiasme i fylkeslaget enn det er no.

Vi har ikkje vore flinke nok til å ta vare på dei svake, dei som fell utanfor, både frå arbeidslivet og i trygdeordningane. Den sosiale profilen har vore for svak, ja, direkte usynleg. Og på den andre sida har vi ikkje sett foten ned mot alle slags urimelege påbod og forbod som omgir oss i kvardagen.

— Er det Sponheim som må ta skulda for dette?

— Delvis. Men eg har ikkje lyst til å vinkla det så direkte mot han personleg, for eg har hatt mange gode opplevingar saman med han i desse åra.

For og imot Sponheim

— Ryggjer du ikkje tilbake for å vera med å skuva sjølvaste partileiaren vekk frå stortingstaburetten?

— Hugs at dette som nemnt gjeld ein prøvenominasjon, og då skulle det berre mangla at ikkje det lokale partidemokratiet skal få utfalda seg.

— Mange er overtydd om at det vil gjera partiet uboteleg skade dersom ein vrakar leiaren på dette viset?

— Det er i så fall uttrykk for ei antidemokratisk haldning å ikkje la denne prosessen gå sin gang.

— Kva feil har Lars Sponheim gjort?

— Svaret finn ein mellom anna ved å lesa avisreferata frå prøvenominasjonsmøtet i Bergen Venstre, svarar Alvheim som både var med og heia ulvikbonden fram som ny tingmann i 1993, og tre år etter som partileiar etter Odd Einar Dørum. Men i vinter var den same Alvheim med i valnemnda som oppmoda han til å gå av som leiar. Nok var nok.

- Venstre stort potensial

— Er du ikkje redd for at Venstre-mandatet i Hordaland no kan gleppa?

— Kor trygt det er, er eg sjølvsagt usikker på. Det kjem an på kor flinke vi er til å flytta fokus over på dei liberale verdiane, og at vi får eit meir entusiastisk Venstre. Greier vi det, har vi eit potensial på 25 prosent av veljarane som i ein gitt situasjon vil røysta på eit liberalt parti, seier Kjell Alvheim som er utdanna lærar, men i dag driv konsulentfirmaet Kasus.

Taus om vrakinga

Lars Sponheim vil ikkje kommentera at Bergen Venstre ikkje ønskjer han som stortingskandidat. - Eg heldt meg til nominasjonskomiteen og har ingen kommentar utover det, seier han.