VIDAR YSTAD

vidar.ystad@bt.no

Oslo

Statsminister Kjell Magne Bondevik, utanriksminister Jan Petersen, justisminister Odd Einar Dørum, landbruksminister Lars Sponheim, kulturminister Valgerd Svarstad Haugland, sosialminister Dagfinn Høybråten og bistandsminister Hilde Frafjord Johnson vart alle tildelt St. Olavs Orden av kongen i dag.

Det er innpå 80 år sidan eit regjeringsmedlem er blitt tildelt ein slik orden. Siste tildeling var på 1920-talet. Andre yrkesgrupper har fått tildelt slike ordenar over ein låg sko.

Bondevik har fått Storkors av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden, Petersen er blitt Kommandør med stjerne, og dei øvrige statsrådane er blitt Kommandørar.

Motstand mot ordensvesnet, spesielt hjå sentrale Arbeidarparti-folk, er truleg grunnen til at ordenstildeling til politikarar gjekk ut av bruk.

— Kongen bestemte tidlegare i år å innføre nye reglar som også omfattar politikarar. Dei nye reglane gjer at statsminister og utanriksminister kan få ein slik ortden etter eit års tenste, andre regjeringsmedlemer normalt etter fire års tenste, opplyser informasjonsrådgjevar Sven Gj. Gjeruldsen ved Det kongeleg slott, til Bergens Tidende.

Dei nye reglane omfattar også stortingspresidenten. Han vil også kunne få ein slik orden, men først ved avgang. Forklaringa på det er at kongen vil unngå inntrykk av uheldig samanblanding mellom statsmaktene.