— Det eine alternativet for linjeval som er teikna opp, går over stølsområdet mitt, seier Lars Sponheim til Bergens Tidende.

Men han bed om å verta trudd på at dette ikkje er viktigaste grunnen til at han vil spara Hardanger-landskapet for ei gigantisk høgspentline.

— Eg har alt ei BKK-line over området mitt, legg han til.

— Men vi kan rett og slett ikkje leva med at landskapet vårt skal herjast med på denne måten. Av den grunn har eg teke opp ein tett dialog med olje- og energiministeren i denne saka. Og eg kan lova at alle moglege alternativ skal utgreiast fullstendig, også sjøkabel. I tillegg kan eg lova at dersom vår regjering får halda fram etter valet, så vert sjøkabel løysinga for denne framføringa, seier Sponheim.

Straum frå Kollsnes

Arbeidarpartiets næringspolitiske talsmann, Olav Akselsen, er heller ikkje glad for Statnett sine planar om ny kraftline over fjell og dal på nordsida av Hardangerfjorden.

— Men dette gjev vel Arbeidarpartiet gode argument for å byggja gasskraftverk på Kollsnes?

— Ja, men der er vel konsesjonen i ferd med å gå ut. Denne saka syner likevel at det kan vera god grunn til å produsera meir kraft i sjølve Bergensområdet. Også med tanke på bruk i Nordsjøen. I dag importerer vi mykje forureinande kolkraft for å trykkja naturgassen frå Nordsjøen gjennom røyr mot Kontinentet. Hadde vi produsert straumen på Kollsnes, kunne vi nytta den lina som det var så mykje strid om for nokre år sidan til å senda straumen attende til Bergen, seier Olav Akselsen.

Sjå til Rogaland

— Denne saka syner og, legg han til, - at alt heng saman. Kraftutbygging og kraftliner vert den neste store naturkampen. I Rogaland hadde dei planar om ei ny og stor høgspentline frå Sauda til Karmøy. No slepp dei byggja den fordi dei i staden byggjer gasskraftverket på Kårstø.

— Det er lett å vera i mot gasskraft, men då bør ein og ha for auga negative sider som alternativa fører med seg.

CO2-problemet

Lars Sponheim ser og poenget med gasskraft i denne samanhengen.

— Eg er gjerne med på å byggja gasskraftverk på Kollsnes, men då må vi først løysa CO2-teknikken, slik at vi ikkje får på nakken eit endå større miljøproblem. Det vi må vera klår over, er at den store auken i straumforbruket i åra frametter, den kjem på kysten. Då bør også straumen produserast der, og denne saka gjer det endå viktigare å setja alt inn på å løysa CO2-problemet i gasskraftproduksjonen, seier Lars Sponheim.