• Dersom forholda blir lagt til rette for det, ønskjer eg å drive Maristova Fjellhotel vidare, seier eks-vert Per Grønsand.

— Det er garantert, fire hundre millionar prosent sikkert, at han ikkje får drive vidare, seier styreleiar Per Arne Thrygg.

Bergens Tidende skreiv i går at hotellet på Filefjell har stengt dørene etter ein dårleg start på sesongen.

— Eg blei bedt om å forlate hotellet etter at eg nyleg leverte ein nedslåande rapport om drifta. Eg har i dag ringt hotellet og invitert styreleiaren til dialog. Men enno har eg ikkje fått svar, seier Grønsand, som var vert på hotellet i knappe tre månader.

I følgje styreleiar Per Arne Trygg i selskapet som skal finne nytt vertskap på Maristova Fjellhotel, har dei brukt mykje tid på å rydde opp etter den tidlegare verten.

— Hotellet er ope no og vi er innstilt på å drive vidare. Til helga har vi selskap med 100 gjester, seier styreleiar Thrygg.

— Det er fortvilande. Eg likar meg på fjellet og hadde gode planar. No sit eg med gjeld på rundt 220.000 kroner, seier eks-vert Grønsund om tida på Filefjellet.

Bygdefolket har stilt opp, blant anna ved å stille eit hus til disposisjon etter at han måtte forlate hotellet. Grønsand tok over drifta i november, etter at hotellet hadde vore stengt i fleire år. Den utksta verten seier han hadde betalingsfridom i to månader etter åpning, slik at det ikkje skulle bli for tøft økonomisk.

— Men sal på fire koppar kaffi, åtte middagar og ei overnatting dekker ikkje ein gong brøytinga framfor hotellet, seier Grønsand.

— Vi meiner han har vanstelt hotellet, seier styreformann Thrygg.