— Vi i Indre Hardanger Kulturvern vil gjerne vera pådrivarar i kulturvernet. Vi vil vera oppsøkjande og inspirerande og motivera eigarane til å ta vare på dei verneverdige husa sine. Det viser seg at mange er villige til å bruka både tid og pengar på dei gamle husa når dei berre får litt hjelp til å koma i gang.

Mykje av det som framleis kan bergast vil vera borte om få år. Det hastar med å redda, ikkje minst dei flotte helletaka, seier Knut Aase.

Han var med på å etablera stiftinga Indre Hardanger Kulturvern i 1999. I dag disponerer stiftinga eit fond på nærare ein million kroner.

Til no er 21 verneverdige helletak og bygningar i Granvin, Ulvik og Eidfjord ferdig restaurerte eller under arbeid ved hjelp av tilskot blant anna frå fondet. Stiftinga har ytt 317.000 kroner til desse restaureringsprosjekta som kjem på i alt 3,6 millionar kroner. I tillegg har stiftinga lova tilskot til 27 andre prosjekt.

Fondet er bygd opp ved hjelp av gåver frå kulturinteresserte privatpersonar i og utanfor Hardanger, samt tilskot frå dei tre kommunane.

Stiftinga har nyleg invitert også Ullensvang med i det gode restaureringsselskapet. Stiftinga lovar at kvar kommunal krone som blir løyvd, skal utløysa to kroner i private tilskot til lokale husvøler.

Smittsam entusiasme

Magnus Ljono i Ulvik set seg for å kvila på stabelen av hardangerheller som snart skal tilbake på det gamle taket. Han er i ferd med å restaurera eit våningshus frå 1700-talet. Frå fondet har han fått 12.000 kroner.

— Entusiasmen denne stiftinga legg for dagen er smittsam. Dei gjev oss eigarane nokre viktige spark i baken. Dei bidreg nok til å berga ein del hus som elles ville ha forsvunne, meiner Magnus Ljono.

— Økonomisk sett spelar pengane frå stiftinga ei mindre rolle, men alle monnar dreg, seier han. Hos Olav Bergo, som bur oppi åsen mellom Ulvik og Granvin, held tømraren Hans Øydvin på med å lafta opp att ei gammal husmannsstove. Mykje av materialen er ny, den har han hogge til hos Hardanger Laft i Granvin, no skal byggjesettet føyast i hop og taket tekkjast.

Mjølkebua på garden Vivelid har også vore til restaurering i Granvin. Tømmeret ligg klart til oppattbygging på Hardangervidda. Knut Aase frå Indre Hardanger Kulturvern og Arild Håland er på veg til Vivelid for å inspirera til vidare restaurering av husa på det høgastliggjande gardsbruket i Hordaland, 900 meter over havet i Veigdalen.

Indre Hardanger Kulturvern, Arild Haalands Stiftelse og Eidfjord kommune vil hjelpa eigaren med husvøla.

Spleisar på bygningsvern

Dei største løyvingane til dei pågåande husvølene i Hardanger kjem som regel frå fylkesmannen si landbruksavdeling. Ofte er også Norsk Kulturarv i Vågå med på spleiselaget. Dei har til no vore med på å redda 1600 gamle tak her i landet gjennom aksjonen «Ta et tak».

Indre Hardanger Kulturvern har fleire bidragsytarar som ikkje har tilknyting til distriktet, men som er glødande interesserte i bygningsvern, og fascinerte av Vestlandet, fortel Knut Aase.

— Somme har ytt store pengegåver til stiftinga, andre har bidrege med mindre summar. Alt kjem vel med og folk er hjarteleg velkomne til å tenkja på oss for eksempel når dei skriv testamente, seier han.

På sine redningsferder langs fjorden har entusiastane i kulturstiftinga fått inntrykk av at mange ser på dei gamle husa sine som håplause prosjekt og at dei ikkje kjenner til kvar det er pengar å henta til bygningsvern.

— Vårt mål er å få folk til å sjå at dei gamle husa har verdi og at dei på ny kan koma til nytte, seier Aase.

Gamle hus kan bli butikk

— Dei som har hus som skal reddast, treng ikkje berre pengar, men også gode råd, om materialval blant anna. Det er til dømes bortkasta å vøla hus ved hjelp av bordkledning som rotnar etter kort tid. Og vi set gjerne eigarane i kontakt med gode handverkarar som for eksempel brukar naturleg tørka furukledning, såkalla al.

Knut Aase synest det er rart at ikkje fleire ser på kulturvernet med forretningsauge.

Investeringane i kulturelt verdifullt bygningsvern no vil garantert koma til å betala seg i framtida, meiner han.

— Med dagens håplause jordbrukspolitikk er ofte dei gamle husa den viktigaste ressursen garden har.

— Turistane er ute etter natur- og kulturopplevingar, dei vil møta noko meir enn prefabrikkerte ferdighytter i Hardanger. Dei vil heller smaka heimebrygg og smalahåve i gamle stover som har sjel og atmosfære, seier Aase.

Indre Hardanger Kulturvern har henta inspirasjon i arbeidet til Storfjordens Venner som har restaurert mange fråflytta gardstun langs Geirangerfjorden og klart å skapa stor lokal entusiasme for kulturvernet. No håpar Aase og medspelarane hans at det som skjer i Indre Hardanger skal inspirera på same måten.

Vil gjerne bli kopiert

— Vi vil gjerne bli kopiert, til dømes på Osterøy og i Sogn, seier Aase. Han gjev meir enn gjerne råd til dei som vil setja i gang.

Fleire store løer inst i fjorden står og briskar seg med nyrestaurerte helletak, blant anna takka vera det lokale kulturvernfondet.

Prestegardshuset på Lægreid i Eidfjord er redda. Stiftinga har løyvd pengar til restaurering av den store bygdemølla i Ulvik. Bustadhus, stølshus, naust og ymse andre uthus står på redningslista. Stiftinga løyvde også pengar til Oddgeir Bruaset si bok «Nådelaust i gåvmilde Hardanger».

Knut Aase synest oljenasjonen Noreg brukar altfor lite pengar på kulturvern samanlikna med fleire av nabolanda våre. Særleg meiner han vi har mykje å læra av England som har gjort kulturvern til stor butikk gjennom organisasjonen National Trust. – Kvart år forsvinn 8000 gamle hus her i landet. Mange av desse er svært verneverdige, seier Knut Aase.