Til Bergens Tidende seier Gaular-ordførar Per Kjelstad at det kan bli aktuelt å be andre kommunar i regionen, som Fjaler og Høyanger, å ta del i eit spleiselag.

— Vi gjer dette for å vere føre var strengare sikkerheitskrav, seier Kjelstad.

Nye krav til tryggleik kan i verste fall føre til at kortbaneflyplassen på Bringelandsåsen i Gaular kommune blir stengd.

Snike i køen?

Å byggje ut flyplassar er i utgangspunktet ei statleg oppgåve. Men Luftfartsverket manglar pengar, og Sunnfjord-planen er at kommunane skal forskottere flyplassutvidinga. Men samstundes gjer Kjelstad det heilt klart at kommunane er budde på å gjennomføre utvidinga sjølv utan garanti for at dei nokon gong får pengane tilbake.

— Å oppretthalde flyplassen er ei av dei viktigaste oppgåvene denne regionen står framfor. Dersom Førde Lufthamn blir lagt ned, kan det etter mitt syn samanliknast med at ei av dei store verksemdene i området går dukken.

— Du seier dette er for å vere føre var. Kan ikkje andre seie at det er å snike i køen?

— Jau, men vi gjer det i alle fall for eigen risiko. Og vi belastar ingen andre med kostnadene.

Tunnelmasse

Flystripa på Førde Lufthamn Bringelandsåsen kan utan astronomiske kostnader forlengast 150 meter vestover. Ei slik utviding vil langt på veg stette krava til forlenga sikkerheitssoner i endane på rullebana. Krav om lengre rullebaner vil truleg komme når nye føresegner for tryggleik på norske flyplassar blir sende ut på høyringa over nyttår.

Store overskot av tunnelmasse frå det pågåande arbeidet med den nye Bogentunnelen på Europaveg 39 mellom Vadheim og Lavik, er tenkt nytta som fyllmasse.

Avgjerd i desember

Dersom det bli avtale med Veidekke, og Luftfartsverket gjev løyve til utfylling, vil dei første lastebilane med stein starte deponering på Bringeland like over nyttår.

Det har vore nær kontakt mellom dei to Sunnfjord-kommunane om utvidinga. Førde-ordførar Aud Viken seier ho håpar at kommunestyra kan få ei sak om flyplassutvidinga på bordet alt i desember.

— Men vi har ikkje tatt stilling til kor tid sjølve arbeidet med rullebana kan ta til, seier Viken.

FØRE VAR, ELLER KØSNIKING: Gaular og Førde vurderer å betale for å få lenger rullebane på Førde Lufthamn. - Å behalde flyplassen er ei av dei viktigaste oppgåvene området står overfor, meiner Gaular-ordførar Per Kjelstad.<p/> ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH