JOHN LINDEBOTTEN

— Vi vil meir enn gjerne sjå på dette saman med Statnett. Dersom vi kan finna fram til løysingar som kan løna seg for begge partar, er det berre av det gode, seier vegdirektør Olav Søfteland (bildet) til Bergens Tidende.

Politikarar både på fylkes- og riksplan tek no til orde for at Statnett og NVE set seg ned saman med Statens vegvesen for å finna ut korleis ny kraft kan førast frå Eidfjord til Samnanger utan luftspenn.

Senioringeniør Trond Carlsen i Statnett sa til Bergens Tidende i går at det ikkje er nokon tekniske problem knytte til høgspentkabel i veg eller i vegtunnel. Det er spørsmål om kostnad.

Føreset at dei samarbeider

— Dersom det ikkje finst tekniske problem, så føreset eg at Vegvesenet og Statnett ser på dette i lag, seier fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen til Bergens Tidende. Fylkesordførar Torild Selsvold-Nyborg er av same meining. Torsdag vert saka drøfta i fylkesutvalet, der Bjørn Lothe, SV, har meldt eit spørsmål.

— Eg vil meir enn gjerne bidra politisk til ei vurdering av korleis ein høgspentkabel og ein ny veg kan kombinerast, seier Arbeidarpartiet sin gruppeførar i fylkestinget, Gisle Handeland.

— Ingenting ville vera betre enn om desse to statlege organa kunne samarbeida, seier Magnar Lussand frå Senterpartiet.

Alle dei leiande fylkespolitikarane skjønar svært godt at Hardanger reiser seg mot planane om ei ny høgspentline.

Spleiselag ein god idé

Også stortingspolitikarar har sans for tanken om eit samarbeid mellom kraft og veg.

— Eit spleiselag høyrest svært greitt ut. Men eg trur og vi må sjå på energilova og vurdera om vi må ta opp korleis saker som dette skal handsamast i framtida, seier Olav Akselsen, Ap.

Akselsen legg til at han har vore med å flytta på kraftliner før, i den perioden han var olje- energiminister, frå 2000 til 2001.

— Dette er eit svært interessant innspel. Her gjeld det å få fram all mogleg informasjon, seier Øyvind Halleraker, H, som sit i energi- og miljøkomiteen.

— Eit spleiselag er ein god idé, sjølv om vi meiner vårt om bompengar. Vi er altfor lite flinke i dette landet til å sjå ting i samanheng, seier Arne Sortevik, Frp.

— Dersom det let seg gjera teknisk, så må det vera ein føresetnad at Statnett og Statens vegvesen prøver eit samarbeid, seier Rune Skjælaaen, Sp.

Vil ikkje sjå

Motstanden mot nye luftspenn kom tydeleg til uttrykk i Hardangerrådet måndag. Rådet, alle dei sju Hardangerkommunane, vedtok samrøystes at dei ikkje eingong vil sjå på Statnett sitt forslag om luftspenn over fjell og dal frå Eidfjord til transformatorstasjonen på Høysæter i Samnanger. Hardangerrådet krev at Statnett kjem med eit nytt forslag, og at det skal handla om jord- og sjøkabel, og berre det.

— Vi er framleis i ein svært tidleg fase, og vi vil halda fram med å utgreia luftspenn, seier prosjektleiar Svein Erik Fjellstad i Statnett til BT. Han opplyser at Statnett har som mål å kopla den nye kraftlina til trafostasjonen i Samnanger i 2010. Det betyr at dei bør vera i gang med arbeidet i 2007.