Forsvarsspelaren miste to framtenner av knyttneveslaget som fylgde, og ei tredje tann vart slått laus.

Spissen vart dømt for å ha slått ut to tenner. Dei er seinare sett på plass att, og har god funksjon. Retten let tvilen koma tiltalte til gode, og han vart frifunnen for å ha slått laus den tredje tanna. Ein overtannlege har uttalt at denne tanna kan ha vore laus frå før, ettersom forsvarsspelaren hadde ein tannkjøtsjukdom.

Den tøffe taklinga fann stad under ei fotballturnering på Voss mellom fleire asylmottak i distriktet.

Sjølv om sorenskrivar Lidvard Faaberg i sin ungdom spela 34 A-lagskampar for Fotballklubben Voss, overlet han klubba i denne saka til dommarfullmekt Olene Maiken Eide. I domsgrunnane avviser ho at slaget har falle i «berettiget harme».

— Tiltalte innlet seg frivillig på fotballspel, (noko) som er å sjå som ein aksept av spelet. Vidare ligg det innanfor det påreknelege at fotballspelarane går noko utover spelereglane, og at det i så fall er fotballdommaren som må reagera, heiter det i domsgrunnane.

Retten meiner det ligg innanfor det aksepterte og påreknelege å bli halden i trøya så ein fell over ende, når ein frivillig innlet seg på fotballspel.

Å reagera med knyttneveslag som slår ut tenner på motspelaren, i staden for å la dommaren døma, kvalifiserer til fengselsstraff.