ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no— Til og med landbruksministeren har kome til at store slakteri og lange dyretransportar ikkje er bra. I lys av nye signal har vi sagt oss villig til å stilla opp, seier Jan Malme til Bergens Tidende.Mørekjøtt-sjefen er sentral i Spis-konsernet, som gjennom Nils Geitle AS eig Geitlebygningen på Palmafossen, og nyleg kjøpte inventar, halvfabrikata og varelager av konkursbuet til Voss Slakteri AS. Stor entusiasme Jan Malme har dei siste par dagane delteke i hektisk møteverksemd i lokala til dotterselskapet Norsk Kjøttindustri Vest AS i Åsane, ein sikker avtakar av slakt frå Voss.- Vi har hatt stor pågang frå tilsette, bønder og lokalpolitikarar, og opplever at det ikkje skortar på entusiasme, men det er for tidleg å seia om vi kjem i mål, seier Malme til BT. Han ser det som lite aktuelt at Nils Geitle AS skal ta opp att produksjonen. Dette er no nærast eit reint eigedomsselskap. Det aktuelle er å skipa eit nytt driftsselskap, gjerne med varemerket Vossamat som firmanamn. Lojale bønder - Vi synest ikkje noko om at dyra våre skal stå på slaktebilen den lange vegen til Sandeid eller Førde, seier ein vossabonde til BT.Difor vil bøndene på Voss framleis vera lojale mot den som til kvar tid driv slakting på Palmafossen. Trass i at Spis Norge AS er blitt skarpt kritisert for å ha gitt opp Voss for lett, sist det butta imot. Då skipa lokale krefter Voss Slakteri AS som gjekk konkurs torsdag. Dei er også kritisert for ikkje å vilja selja bygningane til Voss Slakteri AS for ein rimeleg penge. Taust i Gilde Gilde Vest BA hadde styremøte på Flesland i går, leia av styreformann Aksel Krogvig, som konsernsjef i Norsk Kjøtt. Administrerande direktør Knud Daugaard i Gilde Vest avviser overfor BT at konkurrenten Spis sine planar på Voss var tema på gårsdagens møte, heller ikkje lagnaden for Gilde Vest sitt slakteri i Granvin.- Status for Granvin er uendra. Slakteriet skal etter planen leggast ned etter slaktinga i år, men det er opning for å halda fram dersom ein finn gode framtiddsløysingar. Endeleg avgjerd er ikkje tatt, seier Daugaard.