Spinning av berekablar på hengebruer som over Storebælt er stikkordet. Når bruene blir så store, er det ikkje berre å kjøpa ferdigtvinna kablar frå fabrikk. Hordaland Mek. Verkstad på Voss har funne ut korleis ein skal laga eigen fabrikk på catwalken der bruene vert bygde.

Over heile verda

Av ni store bruer som har vore bygde i verda siste tiåret, har vossingane vore med på seks. Ei i Japan og to i Korea var uinteressante.

Men HMV er blitt interessant for multinasjonale entreprenørfirma som tevlar om dei store brubyggingskontraktene i verda. Vossingane har greidd å få til eit samarbeid med gigantiske Cleveland Group utan å bli slukt med hud og hår.

Dei har skipa eit felles dotterselskap med postkasse på Jersey, med Arne Røen som dagleg leiar og konsernsjefen i Cleveland som styreformann.

Namnet Dorman Long Hordaland har god klang internasjonalt. Cleveland-selskapet Dorman bygde Sydney Harbour Bridge i Australia så tidleg som i 1932.

Avansert brubygging

— Jobben med dei relativt små bruene i Trekantsambandet viste at kabelspinning i lufta også er effektivt i konkurranse med tradisjonelle metodar, og det har utvida vår marknad mykje, seier Arne Røen til Bergens Tidende.

Han er sjef for denne delen av verksemda. Jon Lilletveit tek seg av dei tradisjonelle og velkjende HMV-produkta til landbruk og industri, og kan no få selja traktorkoplingar til dømes i Storbritannia, der eit søsterselskap har salsapparat.

Verksemda, som spenner frå møkaspreiing og kunstsnøproduksjon til avansert brubygging, har nå flytta inn i nybygg i Voss Næringspark. For 28 millionar kroner har dei fått 3800 kvm verkstadhall, utstyr og 780 kvm kontorplass. Dei unngjekk ti prosent investeringsavgift men stortingspolitikarane sine nattlege manøvrar med statsbudsjettet i fjor utgjorde ein månad i bortkasta tid.

Blir kjøpesenter

Seks tilsette spleisa då familiane Rørlien, Hana og Hovland ville selja verkstaden nær Voss sentrum. Dei danna nytt morselskap, og namnet Hordaland Group blir brukt internasjonalt, men på heimebane er dotterselskapet Hordaland Mek. Verkstad mest kjent. Dei fråflytta lokala i Haugamoen skal omskapast til kjøpesenter bak bilsenteret, bensinstasjonen og maskinbutikken som framleis er i HMV Eigedom si eiga.

STOR SPENNVIDDE: Jon Lilletveit (t.v.) og Arne Røen er sjefar for kvar si marknadsavdeling på HMV, som har fått nye lokale.
FOTO: ARNE HOFSETH