— Ein god og spanande tanke, seier olje- og energiminister Einar Steensnæs

— Vi tipsa Statoil for eit år sidan om at dei burde nytta spillvarmen sin til å starta pelletsfabrikk. I dag vert store mengder spillvarma kasta bort til inga nytte, samstundes som kulturlandskapet på Vestlandet gror att med skog, seier leiar Tom Sverre Tomren i Naturvernforbundte Hordaland til Bergens Tidende.

Informasjonssjef Kåre Ness ved Statoil Mongstad stadfester at dei er interesserte.

— Vi har lenge vore på utkik etter måtar å nytta spillvarmen på. Fiskeoppdrett er på tale, og pelletsproduksjon er og svært interessant. Og dei som startar, skal sleppa betala noko upris for spillvarmen, seier Kåre Ness.

— Potensialet i dette tilsvarer fire Alta-kraftverk. Pellets er små pressa trebrikettar som er eit godt alternativ til straum og olje for oppvarming. Produksjon av dette på Mongstad kan bidra til å gjera oss mindre avhengige av straum, seier Tomren.