Den hastige oppseiinga av rådmann Steinar Søgaard er samtaleemne på Handelslagshjørnet, busshaldeplassen og overalt der ulvikje møtest. Men overfor omverda vil dei gjerne ha tankane sine for seg sjølv.

Samtale

Ordførar Jon Olav Heggseth (Sp) har sjølv forlangt gransking av påstandar om at han skal ha blanda saman private og arbeidsmessige tilhøve. Han har tidlegare opplyst at han er ugild i rådmannsaka på grunn av ei personalsak i kommuneadministrasjonen.

Etter det Bergens Tidende får opplyst, dreier dette seg om ein samtale mellom rådmannen og ein underordna, kona til ordføraren.

Men både saksordførar Nils J. Lekve (V), og setteordføraren i det aktuelle heradstyremøtet, Kjell Røkenes (H), seier at denne episoden har lite med oppseiinga å gjera.

— Det blir litt flaut dette, når det grenselause samarbeidet mellom Granvin og Ulvik liksom skal vera føredøme for resten av landet, seier ein kar som har sessa seg utanfor Sentrumskiosken.

Han trur det kan gå lang tid før lokalpolitikarane greier å gjenoppretta tilliten slik at folk gidd å røysta på dei att.

På grått papir

Det var i førre veka at Ulvik heradstyre med 13 mot 4 røyster vedtok å seia opp rådmannen frå den halve stillinga han har i Ulvik, og løyste han frå arbeidsplikt i oppseiingstida. Søgaard har også ei halv stilling som rådmann i nabokommunen Granvin.

Granvin reagerte med å leita etter budsjettmidlar slik at rådmannen kan gå attende til full stilling der.

Fire av etatsjefane reagerte med å seia opp stillingane sine, i den grad dei er tilsette i Ulvik. Ein femte medarbeidar, som nettopp skulle gå inn i ei prosjektstilling, av beskjed om at det likevel ikkje vart aktuelt.

Gransking

Onsdag kom så den nye vrien. Heradstyret, denne gongen samrøystes, vedtok å be kontrollutvalet og revisor granska om ordføraren har blanda private og arbeidsmessige tilhøve i saka. I ordskiftet sa fleire seg utilpass med at saka ikkje var løyst utan oppseiing.

Dei som har sagt opp ynskjer ikkje å grunngje dette nærare overfor Bergens Tidende fordi det kan vera brot på lojalitetsplikta. Dei er likevel litt uvisse på kven dei pliktar å vera lojale mot, ordføraren, rådmannen eller publikum. Når det no blir gransking, vonar dei at alle opplysningar kjem på bordet.

— Det var ordføraren sjølv som ba om denne granskinga, presiserer Nils J. Lekve overfor Bergens Tidende.

Misnøye med samarbeidet

Han vedgår at problema mellom ordførar og rådmann toppa seg dei siste to vekene før oppseiinga. Difor vart han sett på som saksordførar. Men Lekve står fast på formuleringa i vedtaket, «at det over tid har utvikla seg eit samarbeidsklima mellom rådmann og ordførar som med omsyn til heradet sine interesser er uakseptabelt».

— Vi føler at Ulvik kjem i andre rekke i dette samarbeidet, seier Lekve som aldri har synest at felles rådmann var nokon god idé.

— Venstre meinte at vi kunne samarbeida om mangt, men ikkje rådmann, men vi vart nedstemt i heradstyret, seier han.

Han rosar Søgaard for stor arbeidsinnsats, men er ikkje overtydd om at ordninga med ein rådmann som har eitt kontor i Ulvik, eitt i Granvin og heimekontor på Voss, er ei god løysing.

— Legg merke til at dei etatsleiarane som no har sagt opp stillingane sine, er busette på Voss og i Kvanndal. Når dei kjem til Granvin, må dei pendla fire mil ekstra for å koma til Ulvik, seier han.

Ingen av etatsleiarane som bur i Ulvik, har sagt opp.

Lekve trur at Ulvik og Granvin framleis kan dela på kommunale stillingar, slik dei har gjort sidan 50-talet. Men herada må ha kvar sin rådmann, og samarbeidsprosjekt må køyrast i rolegare tempo og baserast på meir solide avtalar.