Regiondirektør Jan Alne hjå Statkraft i Sauda forsikrar overfor Bergens Tidende at vatnet som no skaper liv i islagde Vøringsfossen, langt utanfor turistsesongen, ikkje kunne vore brukt til kraftproduksjon. At nedtappinga skjer akkurat no, gir maksimal utnytting av vatnet, og verkar heller dempande enn skjerpande på straumrekningane, hevdar han.

Driftsleiar Tom Karsten Garen ved Sysendalen Skisenter på Maurset er fortørna over at nedtappinga skjer akkurat medan bergensarane har vinterferie og oppheld seg i hyttene sine. Svært mange av dei 600 hyttene i området har eigarar i Bergen.

Den attraktive turløypa kryssar Bjoreia fleire gonger, vanlegvis på snølagt is. Men denne veka har rennande vatn laga råk i isen og gjort det uframkomeleg for skiløparar og prepareringsmaskin. Berre dei bitane som ligg på nordsida av elva, kan brukast.

— Første mars var første dag i Bergen sin skuleferie, og første mars tok tappinga frå Sysendammen til. Eg nektar å tru at det var uråd å finna eit meir høveleg tidspunkt, seier Garen til Bergens Tidende.

Tappinga blir truleg avslutta i dag, men det er lite håp om å få skiløypa i stand før vinterferien til helga er over.

— Også vi synest at kollisjonen med vinterferien var kjedeleg, og eg har fått nokre sinte telefonar, seier kraftverksjef Vidar Riber i Eidfjord til Bergens Tidende.

— Vi får vona at folk ikkje er heilt avskremde, og kjem att til påske, legg han til.

Grunnen til tappinga, er vedlikehald av ventilsystemet for tapping av vatn slik at Vøringsfossen har ei minimumsvassføring på 12 kubikkmeter i sekundet i turistsesongen frå 1. juni til 15. september, slik Stortinget har bestemt. Arbeidet må gjerast no, elles kan ein risikera å ikkje vera ferdig til snøsmeltinga kjem i gang.

— I dagens kraftsituasjon må alle dropar takast vare på, seier Riber.

— Men akkurat no går store mengder vatn til spille. Vatnet går ikkje gjennom kraftstasjonen, og det finst vel knapt ein turist som ser at «levande» vatn spruter over istappane i Vøringsfossen?

— Vatnet som vi no tapper, ligg i eit kammer for seg, innom den store Sysendammen, men utom den gamle, som er synleg når magasinet er godt nedtappa. Det er ikkje fysisk mogeleg å hella vatnet over i hovuddelen av magasinet, der inntaket til kraftstasjonen ligg. Det kan berre brukast til å oppfylla kravet om minstevassføring, forklarer Riber.

I høve vedlikehaldsarbeidet har Statkraft fått dispensasjon til å tappa magasinet lågare enn fastsett LRV (lågaste regulerte vasstand).

I kompromiss mellom utbyggings-, verne- og reiselivsinteresser tillet Stortinget at vatnet frå elva Bjoreia vert ført inn i magasinet bak Sysendammen mot at det om sommaren vert sleppt ut att nok vatn til å gje turistattraksjonen Vøringsfossen fastsett minstevassføring. Sysendammen er hovudmagasin for Sy-Sima, to av aggregata i Sima kraftstasjon i Simadal i Eidfjord.

VONBROTEN: Vatnet renn friskt på islagte Bjoreia. Driftsleiar Tom Karsten Garen ved Sysendalen Skisenter er vonbroten over at Statkraft ikkje fann høvelegare tidspunkt enn bergensarane sin vinterferie til å sperra skiløypa hans fire stader.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH