Det var i april i fjor at den langvarige nabofeiden om parkeringa av personbilen toppa seg. Kvinna frå Nordfjord hadde i lang tid irritert seg over at naboen parkerte Volvoen sin på det ho meinte var hennar eigedom. Også når nabofamilien hadde besøk, brukte gjestene å parkere bilane sine på denne staden. Ved fleire høve hadde kvinna fotografert bilar ho meinte stod parkert på sin eigedom.

Nordfjord-kvinna hadde fleire gonger bedt om at bilane blei flytta, og at det måtte bli slutt på det ho meinte var ulovleg parkering. Men naboen, som hadde ei heilt anna oppfatning av kvar eigedomsgrensa gjekk i området, nekta.

Henta traktoren

Til slutt kontakta Nordfjord-kvinna politiet, og bad dei ta affære mot naboen. Men saka blei nok nedprioritert av det lokale lensmannskontoret. Dei føretok seg i alle fall ikkje noko.

Då var det at kvinna bestemte seg for å ta affære sjølv, og fekk ektemannen til å hjelpe seg. Han henta traktoren, og plasserte ein rundballe fylt med gras framfor personbilen og ein bak. Så då naboen kom ut for å ta seg ein tur i Volvoen, stod bilen innesperra av to tunge rundballar.

No var det naboens tur til å kontakte politiet. Dei kom til staden og kravde siloballane fjerna. Og så blei gjort. Men ikkje før hadde politiet reist, blei rundballane lagt på plass att. Ein framme og ein bak.

Slik blei bilen ståande innesperra i 14 dagar. Først då politiet rekvirerte redningsbil og sjølv fjerna silofôret, kunne naboen ta seg ein biltur.

Tap på alle punkt

No har den langvarige nabokrangelen om parkering vore framme for Nordfjord tingrett. Der kom det fram at den sterkt omstridde parkeringsplassen ikkje høyrer til nokon av dei stridande partane. Grunnen er nemleg eigd av Statens vegvesen. Tingretten konkluderer difor med at naboens parkering har vore heilt lovleg.

Nordfjord tingrett meiner ekteparet med siloballane har oppført seg skremmande, og at dei har plaga naboen og hans familie. Kvinna og mannen tapte rettssaka på alle punkt, og må ut med kring 20.000 kroner i bøter, erstatning og sakskostnader.