— Dette er ein trist affære, vedgår sjukehusdirektør Gunvald Ludvigsen. Han vil no ha full gjennomgang av hendinga der ein pasient på kirurgisk avdeling blei sitjande innesperra frå 13.30 til halv elleve om kvelden.

— Heldigvis var dette ei kvinne som er innlagt for ein mindre alvorleg diagnose. Hadde dette skjedd med ein annan type pasient, kunne utfallet lett blitt både annleis og langt meir alvorleg. Vi kan prise oss lukkelege over at det gjekk bra, seier Ludvigsen til Bergens Tidende.

Leiteaksjon

Det var rundt klokka 13.30 sist måndag at den eine av heisane på sjukehuset stoppa mellom to etasjar. Grunnen var ein mekanisk feil. Teknisk personale blei tilkalla, men konkluderte med at det var uråd å reparere heisen der og då. Dermed blei det sett opp eit skilt med at heisen var i ustand. Planen var at ein reparatør skulle komme dagen etter, og ordne heisen.

Vel to timar seinare, rundt klokka 1600, oppdaga tilsette på sjukehuset at kvinna var vekke.

— Dette skjedde fordi det var rutinar rundt pasienten på dette tidspunktet. Då ho ikkje blei funnen, blei det sett i gang leiting. Første blei det søkt etter kvinna internt på sjukehuset, fortel direktøren.

I følgje Sunnmørsposten blei politiet først kopla inn i halv ni-tida om kvelden. Dei orienterte på si side Røde Kors, og starta organiseringa av ein leiteaksjon.

Stakk handa ut

Halv elleve om kvelden blei kvinna funnen i heisen. Det skjedde etter at teknisk sjef Per Helge Haugen hadde tatt til å lure på om det kunne vere nokon der likevel. Han visste om at kvinna var sakna, gjekk tilbake til sjukehuset og fekk laga ei ti centimeter brei opning inn til heisen.

— Det som skjedde då var at kvinna stakk handa ut, fortel direktøren. Seinare blei heisen broten ytterlegare opp, for å få 77-åringen ut.

Til Bergens Tidende seier sjukehusdirektøren at det er uklart om kvinna har forsøkt å trykke på alarmknappen i heisen.

— Det kan vere at det har vore ein feil også med alarmsystemet. Men så langt er dette ikkje klarlagt, seier Ludvigsen.

Derimot er det klart at kvinna har forsøkt å rope og gje til kjenne at ho sat fast.

— Det ser ut til at det har vore så tett at lydane ikkje nådde gjennom.

Alvorleg svikt

Utan å nøle karakteriserer sjukehusdirektøren hendinga som eit alvorleg avvik. Han meiner det alt no er grunn til å slå fast at det har svikta på i alle fall to punkt.

— For det første må ein heis som står fast aldri bli forlatt, utan at det er 100 prosent sikkert at det ikkje er folk inni. Det andre er at det må setjast i gang eit større apparat tidlegare, når ein person er sakna.

Ludvigsen har bedt om skriftlege rapportar på hendinga.

— Vi kjem truleg også til å informere fylkeslegen, seier Ludvigsen.

Den 77 år gamle kvinna er frå Sogn og Fjordane. Ho er framleis innlagt på sjukehuset, men ønskjer ikkje å snakke med media. Kvinna kjem frå dei ni timane i heisen utan mein.