ARNE HOFSETH

Rett bak ryggen på Fridtjof den frøkne blir eine rada etter den andre byta ut. Bringebær av sorten Veten er på veg ut, og nyesorten Glenn Ample tek over stadig større del av bærhagane på Vangsnes.

— Den nye bærsorten gir store, kjøtfulle, saftige og søte bringebær. Og dei held spensten lenge. Dei fell ikkje samen til ein «graut» etter nokre få timar i korga, skryt Leif Vangsnes på fruktgarden oppunder Fridjof-statuen, landemerket som keisar Wilhelm reiste i 1913, og som ragar 22,5 meter til vêrs.

Men Glen Ample-plantane er dyrare i innkjøp for bonden. Skottane som har utvikla sorten skal ha eit pund per plante i «royalties», og litt avgift vankar det også til den norske planteskulen som leverer.

Størst i Skandinavia

Vangsnes gjer no krav på statusen som største bringebærbygda i Skandinavia.

— Luster slo Vik kommune med skarve fem tonn i fjor. I år slår vi dei, triumferer Leif Vangsnes. - I Luster er det fleire bygder med stor bringebærproduksjon. Her i Vik er det stort sett berre Feios i tillegg til Vangsnes, forklarer han

Fruktbøndene på Vangsnes har vore ivrige med nyplanting siste par åra. Difor ligg Vik an til å erobra førsteplassen når lista vert sett opp kommunevis.

Men ein ting er å slå lustringane. All nyplantinga fører raskt til overproduksjon. Problemet har meldt seg med full tyngde i år, ettersom bæravlingane generelt er store. Det har samanheng med varmt vêr og stor insektsaktivitet under bløminga, og god varme no under mogninga. Andre fruktsortar kom ikkje så heldig ut, fordi trea blømde i kjølegare vêr.

Nisjeprodukt

ý Dei som plantar no, må kanskje klara seg med polske prisar, seier Øyvind Husabø på Vangsnes Fruktlager til Bergens Tidende.

Med polske priser meiner han dei prisane som Lærum-fabrikken i Sogndal betalar for bær tilkøyrt frå Polen. Han røper at etablerte leverandørar blir prioritert først, og får beste prisane. Nykomlingane må nøya seg med det restmarknaden kan tilby.

Jakta på nisjeprodukt er i gang. Meieristyrar John Inge Sørland på einaste gamalostmeieriet i verda, Tine Vik, stadfester at dei har køyrt lovande testar. Det ser ut til at bringebærjuice kan framstillast i dekanter, ein maskin vanlegvis til heilt anna bruk i ysteriet.

— Vi har til no berre prøvt med frosne bær av sorten Veten. Etter ferien skal vi prøva med ferske bær, både Veten og Glen Ampel, opplyser han til Bergens Tidende.

Polakkar plukkar

Blant dei tungt etablerte bærdyrkarane tidlegare fylkesordførar Sjur Hopperstad og Leif Vangsnes.

På begge gardane har det vore generasjonsskifte, og Leif er fersk kårkall. Han får likevel stella med bringebæra i stor grad, sidan ungebonden Omar også har arbeid utanfor garden. I denne rolla trivst Leif tydelegvis, som «far» for ein skokk med polske bærplukkarar.

— Mange av polakkane har høg utdanning og stillingar med god prestisje, men dårleg betaling, fortel han.

Til dømes er dama som jobbar i kiosken hans på ferjekaien dagleg leiar for ein restaurant i Polen, men skaffar seg sommarvikar for å kunne reisa til Vangsnes enda ein sommar, og tena pengar i kiosken på kaikanten.