Gravinga i Vangsgata tok ein brå slutt i ettermiddag då gravemaskinkøyrar Kåre Arvid Helland fekk ei bombe i grabben.

— Eg trudde det var ein røyr-ende, seier Helland til Bergens Tidende.

Men idet grabben er på veg oppover, innser han at han har farleg last.

— Eg har sett bilete av slike bomber, og var ikkje i tvil om kva det var, seier han.

— Var du redd bomba skulle eksplodera?

— Eigentleg ikkje. Er du varsam, skal ho ikkje gå av. Det hadde forresten ikkje vore hjelp i å verta redd, resonnerer gravemaskinkøyraren. Entreprenøren varsla straks kommunen sin prosjektleiar som var like i nærleiken. Han varsla i sin tur lensmannen, samstundes som gravearbeidet vart stogga.

Litt før klokka 20 tok fire mann frå Mineryddingskommandoen på Haakonsvern hand om bomba, og flytta henne til skytefeltet på Mjølfjell for sprenging. Lensmann Kåre Rykke og eit par politibetjentar heldt publikum på trygg avstand.

— Etter rekognisering identifiserte vi bomba, og fann at ho kunne flyttast med ganske lav risiko. Typen er godt skildra i bøkene våre, fortel leiaren for gruppa, orlogskaptein Morten Høvik til bt.no.

Militære i verneutstyr løfta bomba varsamt over i ei kasse med sand. Kassa vart deretter plassert i lasterommet på ein bil med gode fjører.

I timane som gjekk før dei militære kom til, kunne publikum passera kloss inntil bomba i den travle sentrumsgata.

— Ekspertane fann at bomba i desse timane låg like trygt som ho har lege nedgraven sidan krigen, opplyser lensmann Kåre Rykke til Bergens Tidende.

Det meste av Vangen (Voss sentrum) vart lagt i aske i april 1940 då tyske bombefly sleppte brann- og sprengbomber i tre dagar. Blant husa som stod att, var Vangskyrkja og nokre hus i næraste nabolaget.

Bomba som var funnen, låg i gata rett framfor Lahlum-huset, eit førkrigshus som framleis står att, tvers over Vangsgata for Torget. Huset er næraste nabo til Vangskyrkja mot aust.

Voss kommune har nyleg sett i gang graving for å byta ut vass- og kloakkledingar med eit moderne leidningsnett i kulvert. Samstundes skal Vangsgata opprustast som miljøgate. Arbeidet skal pågå til langt utpå våren. Første bomba vart funnen etter om lag ti meter graving, og 300 meter står att.

Etter nedskjeringane i Forsvaret har Voss ingen bombeekspert så lenge Morten Lødøen er i Afghanistan, og ekspertise må tilkallast utanfrå. Men komande veke er hjelpa nær ved eventuelle nye bombefunn; mineryddarane har øving på Mjølfjell.

BOMBEFUNN: Voss sentrum.
FOTO: RUNE SÆVIG