Langfoss i Åkrafjorden i Etne er kåra til ein av verdas vakraste fossar. I haust gjekk Etne Næringsutvikling ut og fortalde om hotellplanane på garden Eljervik, som ligg på ei halvøy med panoramautsikt til den kjende turistattraksjonen.

Bonden har trekt seg.

— Me er skuffa. Dette ønskte me å få til, men grunneigar har sett handbrekket på, seier Asbjørn Moe, dagleg leiar i Etne Næringsutvikling.

Arkitektkontoret Snøhetta var engasjert for å greia ut hotell på tomta, modellar var laga, investorar kopla inn. Prosessen har alt kosta eit par hundre tusen kroner, ifølgje Moe.

Åleine i 11 generasjonar

Han fortel at både hotellkjeder og høgskulemiljø tilrådde eit nybygg på inntil 150 rom. Konseptet skulle vera eit energipluss hotell der den lokale kraftproduksjonen blei henta heilt inn som ei del av hotellopplevinga. Sau og husdyr skulle beita i bakken.

— Det blei teikna inn på ein god måte, men grunneigar meinte det blei for mykje. Me kjem jo ikkje unna at det potensielt kan koma 200 menneske på den vesle halvøya dei har hatt åleine i 11 generasjonar, seier Moe.

Han vil ikkje ut med namn på investorane, men legg ikkje skjul på at han er skuffa over at dei ikkje klarte å sameigne interessene med grunneigaren.

— Har ikkje gitt opp håpet

Åkrafjorden har dei seinare åra etablert seg som ein spanande turistdestinasjon med traktorsafari til dei veglause gardane på Eikemo, strikkhopp frå Trolljuv bru, båtskyss og naturopplevingar av fjord, foss og fjell.

— Me har ikkje gitt opp håpet om eit hotell i Åkrafjorden, men det er sett eit førebels punktum. Partane har no skilt lag på ein ryddig og grei måte, seier Moe.

— Me veit at prosjektet ikkje går vidare, og alt vårt materiale er overlevert til oppdragsgjevar som er Etne Næringsutvikling, seier Line Bull, dagleg leiar i Snøhetta.

Idag driv eigarane av Eljervik gard med sau, gris og besøksgard. Bonde Øystein Eljervik, som er 11. generasjon på garden, er ordknapp om hotellet som ikkje blei noko av.

— Eg har ikkje noko å seia utover det Asbjørn Moe har sagt, seier Eljervik.

- Har de andre planer for overnatting i mindre skala?

— Ikkje for overnatting på noverande tidspunkt, nei, seier han.

Kva syns du om hotellplanane? Si di meining i feltet under.