— Dette er heilt spesielt. Eg trur nærast du må samanlikna det med innbrotet i Gullborgen i Oslo. Det er ikkje kvardagskost for oss at innbrotstjuvar har med seg boremaskin, kompressor og anna avansert utstyr, seier politioverbetjent Svein Inge Aarsand i Hardanger lensmannsdistrikt til bt.no.

Det var natt til fredag gullsmedbutikken Berg Gull & Sølv i Odda fekk kjeltringar på besøk.

Tjuvane har klart å bora eit hol gjennom ein 40 centimeter tjukk vegg.

— Fekk dei med seg noko?

— Nei, dei er truleg blitt forstyrra, for dei var veldig nær å lukkast, seier Aarsand.

Innbrotet vart oppdaga fredag morgon om lag klokka ni om morgonen.

— Dei som står bak dette er av eit heilt anna kaliber enn våre lokale skurkar, seier Aarsand.