– Dei møtte ein bil og måtte bremse kraftig opp. Då kom bilen utanfor vegbana, og tippa over. To av dei klaga over smerte i nakke og rygg og vart sendt til Førde sentralsjukehus, seier operasjonsleiar Atle Jansen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulukka skjedde ved riksveg 611 i Eikefjord i Flora kommune laurdag klokka 12.30. I følgje politiet er vegbreidda berre tre meter der ulukka skjedde. I bilen sat fire barn i alderen 11 til 13 år. Føraren var ein 26 år gammal mann. Alle i bilen er frå Florø og var på leir med på Frelsesarmeens speidargruppe i Florø. Dei var på veg tilbake til leirstaden Knapstad då ulukka skjedde.

– Ingen fekk fysiske skader, men legen sendte to av dei til sjukehuset i Førde for observasjon. Dei vart dimittert ganske raskt og var tilbake hos oss eit par timar seinare, seier troppsleiar Frelsesarmeens speidargruppe i Florø, Daniel Nedrelid.

Dermed gjekk aktiviteten som normalt.

– Når sånt skjer er det logisk at ein reagerer, og dei var nok litt sjokka, men det gjekk ganske fort over. Vi skal ha ei samling etterpå der dei involverte får prate om kva dei opplevde. Det ser ut til at alt er gått bra, så sånn sett har vi vore enormt heldige, seier Nedrelid.