OVE ARNE OLDERKJÆR

— Politiet har lagt bort saka, men for meg er ho blitt ein katastrofe. Eg står utan jobb, og framtida mi på sjøen er blokkert, seier 35-åringen til Bergens Tidende.

Styrmannen måtte saman med kapteinen og maskinisten gå frå HSD etter at politiet aksjonerte mot ferja då ho låg ved Austevollshella kai 29. august i fjor. Det var mistanke om promillekøyring i bil som gjorde at Austevoll-lensmannen kom etter styrmannen om bord i ferja.

— Det er rett, og den saka er ikkje avgjort. Men forholdet som har med ferja å gjera er ikkje lenger ei sak for politiet. Selskapet kalla oss likevel for pappskallar og stempla oss før dei skaffa seg greie på kva som eigentleg skjedde, seier styrmannen.

— Eg føler meg trakka på når selskapet valde å handla før dei høyrde vår versjon av kva som skjedde. Leiarane i selskapet har eit enormt ansvar. Dersom HSD her hadde handla i tråd med interne prosedyrar, så hadde ikkje eg hamna i den situasjonen eg kom i, meiner styrmannen.

Informasjonssjef Arild Sonde Sekse i HSD ønskjer ikkje å kommentera kritikken frå den sparka styrmannen.