OVE ARNE OLDERKJÆR

Medan ekskapteinen på MF «Os» kjempar med HSD i Bergen byrett denne veka, har han kollega Jan Nessa nær seg på tilhøyrarbenken.

— Eg er her for å sjå kva som ventar meg, og som moralsk støtte til ein annan som er behandla dårleg av selskapet, seier Jan Nessa.

Nessa er kapteinen som kjørte snøggbåten «Baronessa» på land på Halsnøy i vår etter teknisk svikt. Han nekta degradering som straff frå HSD, som deretter gav han avskil. Nessa nektar også å betala bot, og fører kampen mot politi og reiarlag i retten på nyåret.

- HSD pressa meg

— Eg var kjørt til veggs og psykisk knekt då eg gjekk med på avskil alt første dagen. Eg forstår at HSD hadde eit markeringsbehov, men dei pressa meg, sa den no arbeidslause kapteinen i Bergen byrett måndag.

Han avviste at han hadde brote nulltoleranseregelen i HSD. Han, styrmannen og ein matros drakk øl på fritida utanfor båten og utan uniform, poengterte ekskapteinen på «Os». Han viste og til at han overheldt regelen om fråhald åtte timar før teneste, og at blodprøven hans berre viste 0,05 promille. At han fekk raudt utslag på utandingsprøven, meiner han skuldast jamnleg bruk av Vademecum munnskyllevatn.

— Eg hadde før berre fått gode skussmål frå HSD. Likevel er det rusing på jobb og at selskapet stempla meg som tett i pappen som heng ved meg, sa 50-åringen.

Det var elles informasjonsleiar Arild Sondre Sekse i HSD som karakteriserte dei promilleinnblanda som «tette i pappen» i eit radiointervju då skandalen var eit faktum fredag 29.august i fjor.

Krev erstatning

Kapteinen med 30 års fartstid i marinen, handelsflåten og HSD har reist sak mot ruteselskapet for å få erklært avskilen ugyldig og for å få erstatning for dei økonomiske tapa han har lidd seinare.

Han meiner tapa er store, særleg ettersom ingen reiarlag ser ut til å våga å hyra han etter det som skjedde på ferja. Han tapar pensjon, og må sjå langt etter inntil 69.000 kroner i bruttoløn som han hadde i månaden i HSD medrekna overtid grunna mannskapsmangel.

50-åringen hevdar at karrieren og renommeet hans er øydelagt, familielivet er sterkt prega av hendinga som fekk store medieoppslag. Han nyttar ordet «fangetransport» om måten han og dei fem andre kollegane blei køyrde til samtale med HSD-leiinga i Bergen etter lensmannsaksjonen mot ferja.

HSD Sjø står på sitt, og viser til at kapteinen etter kort tid frivillig valde å seia opp stillinga si, mot at avskilen blei trekt. HSD viser og til null-toleransen i selskapet, som forbyr all oppbevaring og bruk av alkohol om bord i fartøya, som forbyr alkoholdunst av tilsette i teneste, og som tilseier avskil til personar som får positivt utslag på utandingsmålingar.

På utsida av ferja

— Det var ein fin seinsommarkveld. Me koste oss på utsida av kaien. Eg var forsiktig med alkoholen då som alltid, sa kapteinen i retten.

Styrmannen hadde kjøpt to sekspakningar med halvliterpils etter vaktslutt i 19-tida. Kapteinen og ein av matrosane spleisa på ølet.

— Det er det same om dei sit på utsida av ferja eller er om bord og drikk. Dei er ramma av nulltoleransen. Dessutan sat dei i eit trafikkert område der mange folk kunne ha observert dei, sa HSD-konsernets personaldirektør Magne Næss i si vitneforklaring i retten.

Grunnen til avdekkinga av den såkalla MF «Os» 2-saka er at styrmannen heldt fram festen for seg sjølv utover kvelden, og blei teken for promillekøyring i bil. Kapteinen blei vekt av lensmannen i Austevoll, også han fekk raudt utslag på alkotesten. Blodprøven av kapteinen teken ut på morgonen viste ein promille på 0,05.

Det er fem hundredels promille alkohol for mykje til å bli ramma av HSDs dåverande nullpromilleregel. Kapteinen kunne i retten opplysa at HSD i ettertid, i desember i fjor, justerte nulltoleranseregelen, slik at det er rom for skjønsvurdering dersom blodprøvar av mannskap viser inntil 0,5 promille. 0,5 er gjeldande promillegrense til sjøs, men HSD har valt eit strengare regleverk for å fjerna all tvil blant reisande om alkoholpåverka mannskap.