Av dei som ikkje stemde blankt, var det heile 91,5 prosent som meinte at Flåten burde gå.

Det har tidlegare vore store konfliktar innad i Levande Ord, og styret i kyrkjelyden stemde i september i år for nye vedtekter. Slik kunne kyrkjelyden fråta Flåten sin veto-rett som styremedlem.

Talsmann i kyrkjelyden, Olav Rønhovde, ynskjer ei snarleg løysing på saka, og uttaler at både kyrkjelyden, styret og leiinga er slitne etter oppstyret. Rønhovde fortel i eit intervju med Vårt Land at kyrkjelyden vil halde sin lovnad til hovudpastoren om å ivareta økonomisk stønad i eitt år. Forslaget blei lagt fram 1. juni.