Gigantforbrenningsanlegget som LVNG AS har planlagt i samarbeid med amerikanske Covanta Energy, må på vandring til nok ein kommune å søkja etablering i. Fitjar formannskap sa med fem mot to røyster nei til å halda av tomt til anlegget lenger på Årskog. Fabrikken kunne gitt Fitjar 50-100 arbeidsplassar.

Og Harry Herstad fekk sterke mistillitserklæringar frå i første rekkje varaordførar Åse Hageberg for handsamingsmåten sin i bossbrennerisaka. Herstad tok mellom anna imot eit notat frå LVNG (Luft Vann Natur Gjenvinning) til si private adresse og heldt dokumentet unna den offentlege postlista.

— Det var ein glipp. I ettertid ser eg at brevet skulle vore registrert som offentleg dokument unnateke offentleggjering, sa Herstad i går om notatet han likevel hadde vist til aksjonsgruppa mot bosbrenneriet.

Folkemotstand

Ei aktiv aksjonsgruppe har fanga opp ein stor folkeleg motstand mot bossbrenneriet som skal ha fem gonger så stor kapasitet som det som er i drift i Rådalen i Bergen. Over 1300 personar har skrive protest.

Rett nok skal Fitjar kommunestyre ta endeleg stilling neste veke til om opsjonsavtalen om tomt i Årskog industriområde skal lengjast. Men svært få reknar med at kommunestyret snur i høve til formannskapet.

— Eg har ikkje høyrt ein einaste politikar gi positiv støtte til etableringa. Og motstanden i folket er stor. Det er derfor å halda LVNG for narr å lata selskapet halda fram utgreiinga når alle er imot uansett, sa ordførar Agnar Aarskog (Ap).