Havre er ein av dei meir enn 31.000 som har søkt om tilskot til å installere el-sparetiltak. I går blei innedelen av den nye lufta til vatn-varmepumpa hans montert i det nybygde huset i Kvitura på Søreide.

— Akkurat no er det vel verdt å gjere det meste for å få redusert straumrekninga, seier Havre som flytta inn for eitt år sidan.

I kvart einaste bustadhus eksisterer det i dag varmepumper. Kjøleskap, fryseboks eller aircondition er i prinsippet varmepumper.

Men medan eit vanleg kjøleskap transporterer varme ut frå kjøleskapet slik at temperaturen inne held seg låg, er prinsippet det motsette for varmepumpa.

Kim Andersen i selskapet H. Dale Kjøleservice as monterer hos Jørn Havre. Ved å plassere den varme sida inn i huset, vil pumpa transportere varme frå omgjevnadene og inn i bustaden. Via varmtvasstanken blir energi frå utelufta gjort om til vassboren varme i alle golv i nybygget.

Havres val av luft til vatn-varmepumpe er ei løysing som er best eigna i kystnære strok. Fyringssesongen er ofte lang, men kuldeperiodane er sjeldan verken særleg harde eller lange.

— Denne pumpa vil gje 4,6 kWh, det utgjer kring 60 prosent av det totale varmebehovet i huset, forklarar kuldemontør Andersen.

Varmebehovet utgjer normalt 60-80 prosent av det samla energiforbruket i eit bustadhus. Det betyr at dei totale energikostnadene blir redusert med noko over 30 prosent.

Havre har vassboren varme i alle golv, og termostatar som styrer temperaturen i alle rom. Gjennom styringssystemet kan han også senke temperaturen om natta eller på tider av døgnet når det ikkje er folk i huset.

— I fjor brukte vi kring 30.000 kWh elektrisk straum. Klarer eg å få det ned til 20.000, skal eg vere fornøgd. Sjølve varmepumpa kjem til å koste rundt 40.000 kroner. Med dei straumprisane vi opererer med i dag, vil det ta tre år før investeringa har betalt seg inn att, seier Havre. - Og så er det noko med at det er greitt med dei rekningane som først er betalt.

Huset i Kvitura ligg nær sjøen, og Havre vurderte ei tid å bruke sjøvatn for å varme opp bustaden.

Men han konkluderte med at det ville bli for kostbart. Men det var før straumprisane steig som ein rakett.

— Med dei prisane vi har hatt i vinter, er det nesten så eg angrar, seier han.