ARNE HOFSETH

Ein kjernefamilie med to bilar har betalt rundt 50.000 kroner i året i bompengar, over 400.000 kroner til saman i dei nærare ni åra som har gått sidan vegsambandet med fastlandet vart opna 5. mai 1996.

Nedbetalt på halve tida

Bompengeperioden vart i utgangspunktet sett til 15-16 år, men lånet vart nedbetalt på litt over halve tida. Frå laurdag klokka 13.00 passerer du gratis.

Bomma dei totalt på utrekninga?

— Det vart gjerne for mykje «tenk på eit tal»-prinsippet som rådde den gongen. Renta var oppe i 13 prosent, men nedgang var spådd, utan at nokon våga å stola på det, Den kraftige rentenedgangen vi har hatt, er ein sterkt medverkande årsak til kortare bompengeperiode, seier Jack Jahnsen og Nils Olai Bjørø til Bergens Tidende.

Dei har vore pådrivarar for prosjektet og med i styret for bompengeselskapet, og såg tidleg kva veg det bar.

— Var de aldri inne på tanken om å redusera takstane?

— Sjølvsagt vart spørsmålet reist. Vi vart vel rekna som nokre stabeisar som gjekk mot, men takstane fekk fleirtal også ved ei røysting i velforeininga. I dag trur eg alle er glade for det. Heretter er passeringa gratis, poengterer Jahnsen.

Lokalavis BTA

— Fastlandssambandet frårøva oss eit viktig sosialt samlingspunkt, ferja. Der møttest folk, og prata om laust og fast, seier tidlegare leiar av Bjorøy og Tyssøy Velforening, Wivian Aalborg Worley, til Bergens Tidende.

Dette har ho gjort noko med. Ho har skipa ei svært så lokal lokalavis. BTA står for Bjorøy og Tyssøy Avis.

— Ønskjer du deg attende til ferje-tida?

— Sosialt sett var det vel så kjekt då, men livet er blitt ein god del lettare med open veg til fastlandet til alle tider. Og enda lettare blir det no, når vi slepp å tenka på klipp heile tida.

Klipp? Dei finst på nymotens klippekort i elektronisk form. Faste reisande kjøper kort som kostar 71 kroner i bomavgift tur-retur fastlandet i staden for 120, fastsett i 1996 etter proteststorm mot styrevedtak om 150 kroner. Dei siste par vekene har normaltaksten vore redusert frå 120 til 70 kroner.

Folketalet aukar

Folketalet på øyane har auka frå rundt 350 til 500 sidan fastlandssambandet vart opna, fortel Jahnsen og Bjørø.

I stor grad er det ungdom som har vakse opp her ute som bygger nye hus. Mange bergensarar har utvida hyttene sine til bustadhus. Men det finst også heilt framande som har funne det attraktivt å bu her, rett på utsida av bygrensa. Denne tendensen har auka etter kvart som bompengeperioden nærma seg slutten. Enkelte sit framleis på gjerdet, og ventar til bygdefolket har betalt for vegen full ut.

Tunnelen under Vatlestraumen og brua over sundet vidare til Tyssøy kosta vel 60 millionar kroner. Av dette betalte fylkeskommunen halvparten, medan trafikantane, i hovudsak øyfolket sjølv, har betalt 31,4 millionar kroner pluss renter, opp til 13 prosent årleg.

Lekk tunnel, vasstett avtale

Under sprenginga av tunnelen støytte entreprenøren, Selmer, på eit 150 millionar år gamalt belte med sand innimellom ein milliard år gamle bergartar. Vatnet rann inn i tunnelen. Etter tre månaders stillstand, gjekk arbeidet vidare med ny teknologi. Retten avgjorde at Selmer måtte bera det meste av ekstrakostnadene på 34 millionar kroner.

— For byggherren, Hordaland fylkeskommune, var kontrakten med entreprenøren vasstett, sjølv om ikkje tunnelen var det, kommenterer Jack Jahnsen.

GRATIS FRÅ LAURDAG: - I dag er nok alle glade for at vi stabeisane ikkje sette ned bompengesatsane, seier Jack Jahnsen (til v.) og Nils Olai Bjørø. Frå laurdag kl. 13 passerer du gratis, sju-åtte år før skjema, og bomstasjonen blir pølsebu på idrettsplassen. <br/>Foto: GIDSKE STARK