VIDAR YSTAD

Dette opplyser administrerande direktør Asbjørn Hofsli i det regionale helseføretaket Helse Sør, til Bergens Tidende.

— Dette er ein betydeleg kostnadsreduksjon for oss. Eg må gje uttrykk for at eg er imponert over dei av leiarane våre som har sett situasjonen og dels gjennom eige initiativ har gått med på å redusere pensjonsvilkåra sine. Dei som har gått med på å endre avtalane sine, hadde alle gyldige og lovlege avtalar, seier Hofsli.

Sterke reaksjonar

Han legg til at endringane har skjedd etter forhandlingar og dialog mellom styra og direktørane.

— Utgangspunktet for oss var at det var inngått ein del avtalar som vekte sterke reaksjonar. Det var viktig for oss å få avtalar som er akseptable for omgivnadane våre, seier Hofsli.

Pensjonsalderen er nå heva for mange av direktørane, frå 62 til 65 år. Dei årlege ytingane er også redusert frå 66 prosent av løn som direktør til om lag 465.000 kroner.

Helse Sør har nå late ein aktuar (forsikringsmatematikar, red.anm.) kalkulere pensjonskostnadene - og innsparingane - etter at pensjonsavtalane for direktørane ved helseføretaka i Helse Sør er reforhandla. Det er aktuaren som har kome til at den totale innsparinga ligg på om lag 40 millionar totalt, og at den årlege kostnadsreduksjonen ligg på 2,5 millionar kroner.

Hofsli strekar under at det er svært komplisert å rekne ut slike pensjonskostnader. Avgjerande faktorar er kor lenge arbeidsforholdet varer, kva alder direktøren hadde då vedkomande tok til i jobben, og sjølvsagt pensjonsalderen.

Talande illustrasjon

Ein illustrasjon kan vere at direktøren for sykehuset Vestfold Helseforetak i 2003 hadde ei løn på 967.000 og 105.000 i andre ytingar, medan pensjonsinnbetalinga for å dekke framtidig pensjon var på 1.050.000 kroner. Det siste beløpet ville vere ei årleg innbetaling. Pensjonen ville bli 650.000 kroner.

Etter reforhandling av pensjonsavtalen har han for det første gått med på å heve pensjonsalderen frå 62 til 65 år, og den årlege pensjonen er redusert frå 650.000 til 465.000 kroner. Kva innbetalinga for å dekke pensjonskostnadene heretter vil bli, er ennå ikkje klarlagt. Men økonomidirektøren ved helseføretaket, Roger Gjennestad, opplyser til Bergens Tidende at innbetalinga i fjor er meir enn stor nok til å dekke også det som krevst i år, etter reforhandlinga.

11 av 15 direktørar innan Helse Sør hadde spesielle løns- og pensjonsvilkår. Dei fire siste hadde ordinære vilkår. Ni av dei 11 har gått med på å endre løns- og pensjonsvilkåra. Dei to som har uendra vilkår, er direktøren ved Rikshospitalet og direktøren ved Radiumhospitalet.

Krav til statsministeren

Dette er eit svært aktuelt apropos til dei spørsmåla Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har reist overfor statsministeren med bakgrunn i reportasjar i Bergens Tidende. Komiteen greip fatt i dei ekstremt høge løns- og pensjonvilkåra som fleire statlege leiarar har fått.

Komiteen har mellom anna stilt spørsmålet om det nå vil bli teke initiativ for å få endra pensjonsavtalar som er i strid med retningslinene som nå gjeld for slike avtalar.

— Arbeidet med svaret pågår. Vi har måtta innhente opplysningar frå fleire departement, og svaret vårt vil kome i nær framtid, opplyser stabssjefen ved statsministerens kontor, statssekretær Kari Husøy, til Bergens Tidende.