Den fremste RV-politikaren i fylket seier det er å kaste blår i augene på veljarane å utgreie så mange gigantprosjekt, når det ikkje finst fylkeskommunale pengar.

Fylkesrådmann Per Drageset seier til Bergens Tidende at det ikkje er gjort bindande finansieringsvedtak i nokon av dei fem store prosjekta, som vil kreve over ein halv milliard kroner frå fylkeskommunen.

Kun i Stryn er det brukt fylkeskommunale midlar; kjøp av tomt til å samlokalisere den vidaregåande skulen. I dag er skulen i den tredje største kommunen i fylket spreidd på heile fem stader. Ifølgje avisa Fjordingen har nybygg til den viadregåande skulen i Stryn vore politisk tema i snart 25 år.

På fylkestinget denne veka gjorde Høgre-gruppa framlegg om å få fortgang i skuleplanen i Stryn. Men utan støtte frå dei to største partigruppene, Senterpartiet og Ap, tapte Stryn også denne gongen.

Vdetaket på fylkestinget i Loen om å utgreie alle dei fem skuleprosjekta vart gjort i eit dystet økonomisk bakteppe i Sogn og Fjordane. Fylkesordførar Nils R. Sandal lista opp verftsnedlegging i Sunnfjord, fare for Hydro-nedbygging i Sogn om tre år og Vegdirektøren sitt nei til å løyse nye vegoppgåver som fylket hadde håpa å få midlar til dei neste ti åra.