Johan Andreassen i Villa Salmon i Romsdal brukar ikkje kjemikaliar mot lakselus.

— Vi får ekstra betalt for det, seier Andreassen.

I staden satsar Andreassen på at leppefisken han set ut i anlegga skal beite ned lakselusa på laksen.

Han åtvarar mot å bruke meir kjemikaliar for å få bukt med oppblomstringa av lakselus på Vestlandet i vår.

Desperasjon i Chile

— Det er ikkje ein berekraftig måte å løyse eit slikt problem på. Ein har aldri klart å temje naturen ved å pøse på med medisin, seier Andreassen.

Problemet er at lusa blir motstandsdyktig - resistent - mot kjemikaliane som blir brukt. Dess større kjemikaliebruk, dess raskare utvikling av resistens.

— I Chile har lusa utvikla fullstendig resistens, så der er dei heilt desperate. Dette er ting som kan skje i Noreg og, seier Andreassen.

Han meiner styresmaktene har noko av ansvaret for at bruken av leppefisk har minka, ved å stille så strenge krav at dei er vanskeleg å innfri utan å bruke kjemikaliar. Effektivt på kort sikt, men kan blir et veldig problem om lusa blir resistent, meiner han.

Krakk for Søviknes

Terje Søviknes var leppefisk-fiskar på heiltid i fire år før politikken tok han og han vart ordførar i Os.

— Det var eit veldig fint liv det der, å ha sin eigen sjark og farte rundt i heile Hordaland og levere, seier Søviknes.

Leppefisk-fiskarane fangar fisken i ruser og teiner og leverer den levande til oppdrettarane.

Då Søviknes gjekk på land i 1999 var det framleis ein god marknad. Faren dreiv vidare nokre år, før etterspurnaden krympa.

— Frå å vere veldig fokusert på bruk av leppefisk i ein periode så er det færre som brukar det i dag, seier Søviknes.

Eit nytt antiluse-middel i fôret som kom på marknaden er mykje av forklaringa, meiner han. Kjemikaliane i fôret vandrar gjennom laksen, ut i skinnet og inn i lakselusa som kreperer. Billegare og mindre arbeid enn med leppefisk.

— Eg skjønar oppdrettarane som til ei kvar tid brukar det enklaste verkemiddelet, men viss det ikkje er nok så må ein ta tilbake fokuset på leppefisk, seier Søviknes.

Manglar vilje

— Det er mangel på vilje til å bruke leppefisk, seier Andreassen i Villa Salmon. Frå 2000 til i dag er talet på leppefisk i norske anlegg redusert frå tre til ein million.

Saman med Havforskingsinstituttet er Villa Salmon engasjert i eit prosjekt der målet er å drette opp berggylt, den største av leppefiskartane som blir brukt til avlusing.

Leppefisk-fiskarane har sin høgsesong om sommaren og har problem med å levere nok leppefisk tidleg om våren.

Det problemet skal løysast ved berggylt-oppdrett, ein fisk som er aktiv i oppdrettsanlegg heilt ned til temperaturar på 3,5 grader, i følgje Andreassen.