Komiteen for kultur og helse delte seg på midten, og tilrådde med leiaren si dobbelrøyst at fylkeskommunen skal avslutta sin bruk av Framnes no ved halvårsskiftet. Dermed kan avgjerda i fylkesutvalet bikka begge vegar.

— Vi fortener ein sjanse til å visa kva vi duger til når Tyrili-stiftinga blir med på laget i andre halvår, seier dagleg leiar Ole Johnny Opkvitne til Bergens Tidende.

Han meiner at evalueringa av Framnes kom på det verst tenkelege tidspunktet; etter lang tid med svelteforing frå fylket si side, og rett før hjelpa frå fagleg sterke Tyrilistiftinga er på plass.

— Fylket har ført oss inn i ein vond sirkel, med sjølvoppfyllande profetiar, der det har vore vanskeleg å halda på fagfolka. Alt er utrygt på ein nedleggingstruga institusjon, seier han.

Opkvitne er også oppteken av at evalueringa er for dårleg når samanlikning med andre institusjonar manglar heilt. - Framnes er vurdert opp mot uoppnåelege ideal.

Mest av alt er han overgitt over at fylket no kan skusla bort ein eineståande sjanse til å få Tyrilistiftelsen, ein tung rusvernaktør i landsmålestokk, etablert i Hordaland.