VIDAR YSTAD

Bakgrunnen er at ho har nekta å fremje ei reguleringssak i kommunen med mindre ei omstridd rekning blir betalt.

— Ei slik kopling er ulovleg. Pengekravet har i fleire år vore omstridd og er i alle fall forelda, seier advokat Endre Grande i advokatfirmaet Thommessen til Bergens Tidende.

- Rein utpressing

Han melde i går varaordførar Handegard til lensmannen i Jondal på vegner av klienten sin, Hardanger Skifer AS.

— Eg oppfattar kravet som rein utpressing: Blir ikkje pengane betalt, vil ikkje kommunen fremje ei reguleringssak som vi elles er samde om. Men pengekravet har vore urett og ugyldig frå dag ein, seier styreleiar og dagleg leiar i Hardanger Skifer, Bård Sandven, til BT.

Står på sitt

Sigrid Brattabø Handegard seier til Bergens Tidende at ho meiner ho er i sin fulle rett til som leiar i planutvalet å bestemme kva saker som skal setjast på dagsordenen.

Og ho gjer det klart at ho ikkje har tenkt å setje reguleringssaka på sakskartet før det omstridde pengekravet frå kommunen er betalt.

Ho ser ingen problem med å kople desse to sakene.

Distanserer seg

Det gjer derimot rådmannen i kommunen, Per Eikeland.

— Vi har ikkje offisiell politikk for at vi skal sjå desse sakene i samanheng. Vi kjem til å behandle reguleringsplanen, seier Eikeland.

— Korleis forklarar du då at varaordføraren har sendt eit brev der ho nettopp koplar desse sakene?

— Eg er kjent med det brevet. Men det har vore møte om reguleringssaka etter at brevet vart sendt, så eg reknar med at reguleringssaka går sin gang, seier Eikeland.

Han seier at han først såg brevet frå varaordføraren etter at det vart sendt og at reaksjonen hans då var: vi blandar ikkje slike saker. Han seier at han også gav uttrykk for dette overfor varaordførar, Sigrid Brattabø Handegard.

- Vil svare politiet

Ho avviser for sin del bestemt at nokon, korkje Eikeland eller andre, har ytra seg overfor henne om innhaldet i brevet.

— Eg er positiv til å legge til rette for næringsutvikling i kommunen, også i den konkrete saka. Men eg føreset at ein som har ei uoppgjort pengesak med kommunen, får den ut av verda før vi går vidare, seier ho.

— Kva seier du då til at du nå blir meld til politiet på grunn av denne koplinga?

— Då får eg stå til ansvar overfor politiet.

Gyldig pengekrav?

— Er du heilt sikker på at kommunen har eit gyldig pengekrav mot Hardanger Skifer?

— Eg held meg til eit samrøystes kommunestyrevedtak, seier Handegard.

Rådmann Eikeland er ikkje fullt så bastant:

— Vi meiner kravet er gyldig.

— Men er det ikkje slik at kravet har vore omstridd frå starten og at ei pengekrav kan bli forelda om det ikkje blir fylgt, aktivt opp?

— Det stemmer. Men det hadde vel vore naturleg at advokaten tok dette opp med kommunen før han fortel om det til Bergens Tidende.

— Advokaten har etter det BT kjenner til skreve og framførd synspunkta i fleire brev til kommunen. Er det ukjend for rådmannen?

— Ja. Dette må eg undersøke nærare.

Årelang strid

Det ligg ein årelang strid bak pengekravet, eit beløp på 56.190 kroner. Utgangspunktet har vore spørsmål om kven som skal betale meirkostnadene ved at kommunen i si tid regulerte feil område til skiferbrot for Hardanger Skifer, som har drive uttak av skifer i Jondal sidan 1994.

Det vart i si tid forhandla fram ein avtale mellom kommunen og selskapet om dekninga av utgiftene. Men avtalen vart så forkasta av kommunestyret. Deretter har kommunen villa diktere motparten kva han har å gjere.

MELD TIL POLITIET: Varaordføraren i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard, er nå meld til politiet for i eigenskap av offentleg tenestemann å ha brote ei rad paragrafar i straffelova som råkar offentleg maktmisbruk. <p/> ARKIVFOTO: RAGNHILD HOV