Solheim avviser at han har leke informasjon til motparten.

— Dette var reint privat informasjonsflyt for å få vite kva som hadde føregått. Kvifor ordføraren melder dette, veit eg ikkje. Om det er for å flytte fokus vekk frå Tall Ships Races så får det vere hans sak, seier Solheim til NRK Sogn og Fjordane.

Ordføraren meiner påstanden er heilt urimeleg, og syns det er synd Solheim ikkje sa frå tidlegare.

Fjernsynskjendisen Alf Tande Petersen skulle lage film om seglskutefesten i Måløy sist sommar. Men samarbeidet med kommunen enda i full skjering. Tande P kravde 600.000 i erstatning. Dagen før rettsmøtet, drøfta Vågsøy kommune strate-gien i eit lukka formannskapsmøte. Infor-masjon frå møtet blei gitt Tande Ps advokat, og ordførar Roger B. Silden melde deretter saka.

Sp-politikaren skal ha fått informasjon frå andre som var i møtet, og fortalt dette vidare til advokaten.

Rettsmøtet enda i forlik. Kommunen må ut med 190.000.