Bråstad tek over for Harry Mowatt (Ap) som har vore ordførar dei siste tolv åra. Mowatt sa frå seg attval.

Sp og Ap blei omtrent like store ved valet i sognekommunen. Det er eit valteknisk og politisk samarbeid med H og KrF som gjer at Sp får det viktigaste politiske vervet i kommunen. I følgje NRK Sogn og Fjordane blir Bjarne Haugstvedt frå KrF varaordførar.