Det er klart etter at det seint onsdag blei inngått ein avtale mellom Sp, SV og Ap. Saman får dei tre partia seks av ni representantar i formannskapet.

Avtalen inneber også langt på veg eit forpliktande samarbeid om politiske saker mellom dei tre partia. Mellom anna er det klart at det ikkje blir aktuelt å selje kommunens eigardel i Sunnfjord Energi den kommande valperioden.

Kommunevalet i Førde førte til eit politisk jordskjelv. Ap gjekk kraftig tilbake, medan SV fekk ein enorm framgang og enda som største partiet i kommunen.

Også i Eid er ordførarvalet avgjort. Gunvald Ludvigsen (V) går frå å vere direktør ved sjukehuset på Nordfjordeid til å bli ordførar. Han har ei fortid som rådmann i Eid kommune.